Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 12.08.2022 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snaue 250 sjeler klamrar seg fast her, i det sørlege Atlanterhavet.

Fråstanden er 4002 km. til Falklandsøyene, 2787 km. til Cape Town i Sør-Afrika, og «berre» 2437 km. til næraste øy der menneske bur, Sankt Helena.

På Sankt Helena finst det landingsplass for fly, men det gjer det ikkje på «Tristan», som øya ofte blir kalla i daglegtalen. Ein kan altså berre reise hit med båt.

Ribb som fraktar folk inn i den vesle hamna på Tristan. Foto: Brian Gratwicke/Flickr

Aktiv vulkan og kratersjø

Tristan da Cunha er hovudøya i ei øygruppe med same namn, prega av barsk, men vakker natur og rikt og interessant dyreliv. Ingen av dei andre øyene har fast busetjing – riktig nok finst alltid nokre sørafrikanske vitskapsmenn på granneøya Gough, men berre på skift.

Med sine 98 km2 er hovudøya litt mindre enn Bømlo og litt større enn Askøy, men til vederlag eit meir imponerande syn:

Toppen på Tristan da Cunha, Queen Mary’s Peak, er inkje mindre enn 2062 meter høg. Det dreier seg om ein aktiv vulkan med eit krater og ein kratersjø på toppen.

Fjellet er snødekt om vinteren, og har gjennom hundreåra vore eit viktig landemerke for sjøfarande.

Øya Tristan da Cunha. Lengst til høgre ser du den einaste busetjinga på øya. Foto: Brian Gratwicke/Flickr

Portuguese explorer and conquistador Tristão da Cunha is both the namesake of Tristan da Cunha and the first person to sight the island, in 1506. Foto: Wikipedia

Parkere kriminelle på øya?

Namnet sitt har øygruppa frå den portugisiske sjømannen Tristão da Cunha, som segla forbi her i 1506, og gjorde den fyrste nedteikna observasjonen av øyene. Men sjøen var uroleg; han kom seg ikkje i land.

Fyrste sikre landkjenning stod nederlandske sjøfararar for, i 1643. Dei vart ikkje verande, men i laupet av nokre tiår fekk nederlendarane kartlagt øygruppa.

På slutten av 1700-talet, då den amerikanske revolusjonskrigen gjorde det vanskeleg for Det britiske imperiet å stuve vekk fangar i dei nordamerikanske koloniane, byrja britane undersøkje om kriminelle kunne parkerast på Tristan da Cunha. Men konklusjonen var at øyene ikkje eigna seg for menneskeleg busetjing.

Sånn ca. her ligg Tristan da Cunha. Kollasj: Framtida.no. Foto: Clker-Free-Vector-Images/Pixabay

Omstridd avkrok

Det hindra ikkje ein amerikanar ved namn Jonathan Lambert frå å slå seg ned på Tristan da Cunha i 1810, i lag med nokre andre menn som snart døydde.

No vart britane nervøse for at amerikanarane skulle bruke øya som eit utgangspunkt for aksjonar for å frigjera sjølvaste keisar Napoleon Bonaparte, som levde i ufrivillig eksil på Sankt Helena frå 1815 inntil han døydde i 1821. Mistanken var ikkje heilt grunnlaus – i den såkalla 1812-krigen mellom USA og Storbritannia hadde amerikanarane faktisk nyttiggjort seg Tristan da Cunha i militær samanheng. Dette inspirerte britane til å annektere øyene og formelt leggje dei under Kappkolonien i Sør-Afrika. Seinare vart Tristan offisielt eigedommen til den britiske krona, og er i dag del av det oversjøiske britiske territoriet St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha.

Flagget til Tristan da Cunha. Foto: Brian Gratwicke/Flickr

Prinse-oppkalling

Etter annekteringa sette britane i land nokre marinesoldatar, og så vaks busetnaden til iallfall 25 i 1824.

Seinare kom ein del kvalfangarar innom, men opninga av Suezkanalen i 1869 i kombinasjon med overgangen frå seglskuter til koldrivne dampskip gjorde at Tristan da Cunha vart meir isolert, fordi øyene ikkje lenger trongst som stoggestad på lange reiser frå Europa til dømes til Aust-Asia.

Det var ei vitjing i 1867 av Prins Alfred, hertug av Edinburgh og den andre sonen til dronning Victoria, som gjorde at den einaste busetjinga på Tristan da Cunha – «hovudstaden», om ein kan nytte eit slikt ord – fekk det eventyrleg klingande namnet sitt, Edinburgh of the Seven Seas.

Langt frå alt. Foto: Brian Gratwicke/Flickr

Heimkjære sjeler

Det var eit sårbart lite samfunn som utvikla seg på Tristan da Cunha. I 1885, til dømes, døydde nesten alle dei vaksne mannfolka på øya i eit forlis – attende sat ein heil masse enkjer. I 1907, etter ein særleg vanskeleg vinter, tilbaud Storbritannia å hente ut heile folkesetnaden og la dei bu i meir siviliserte strok. Men det ynskte ikkje folket på Tristan.

I perioden 1909 til 1919 fekk dei ikkje einaste vitjing utanfrå, før eit skip omsider sneia innom for å opplyse om fyrste verdskrigen og utfallet av han.

Generelt har Tristan da Cunha, naturleg nok, berga godt for farar utanfrå. Koronaen har til dømes ikkje kome hit.

Det siste dramatiske høgdepunktet var nok åra 1961–62, då krateret Queen Mary’s Peak hadde sitt hittil einaste registrerte utbrot. Alle innbyggjarane på øya måtte evakuerast, men etter eit par år vende dei fleste attende.

Tristan da Cunha sett frå rommet. Foto: NASA Johnson/flickr

Viktig for norsk helsepolitikk

Det finst eit kuriøst historisk samband mellom Tristan da Cunha og vårt eige kjære heimland: I 1937 drog ein norsk ekspedisjon til øya, organisert av Universitetet i Oslo. Dei var tolv mann.

Den mest kjende var nok sosiologen Peter Andreas Munch (1908-1984), men her var òg landmålarar og tannlækjarar, zoologar og botanikarar, og det vitskaplege utbytet var rikt.

Mellom anna vart studia av tannhelsa på Tristan da Cunha brukt som datagrunnlag i utviklinga av norsk helsepolitikk etter andre verdskrigen. I Noreg var vi på denne tida ille plaga med tannròte – på Tristan hadde folk fantastiske tenner.

Fellesskapet fyrst

Tristan da Cunha er eit spesielt samfunn i dag. Samhaldet er sterkt – det bør det vel nesten vera på ein slik stad, om folk skal halde ut.

Alle innbyggjarane deltek i eit slags felles landbruk – poteten er sentral – og all jord er eigd av fellesskapet. Det er ikkje lov for folk utanfrå å kjøpe jord på øya, og heller ikkje utan vidare lov å busetja seg der.

Anna enn jordbruket går det i fiske, ikkje minst etter humar, sal av frimerke og myntar og ein temmeleg avgrensa turisme.

Sørvest for Edinburgh of the Seven Seas ligg området Potato Patches, den største sletta på øya. Området blir difor nytta til landbruk, med høge veggar for å beskytte avlingane frå veret. Her er det hovudsakeleg poteter og andre grønnsaker. Foto: Brian Gratwicke/Flickr

Engelsk, afrikaans og italiensk

Språket er ein særeigen variant av engelsk iblanda mellom anna italiensk og afrikaans, og er prega av mange ord og uttrykk som for lengst er utdaterte i verda elles.

Born på øya har skuletilbod opp til 16 års alder, men vil dei ta utdanning utover det, må dei til utlandet, typisk Storbritannia eller Sør-Afrika.

Sør-Afrika er òg einaste von i kompliserte helsetilfelle der dei to lækjarane på øya ikkje kan hjelpe. Men det bør ikkje vera akutt: For det fyrste må eit skip tilfeldigvis finnast i nærleiken, og om no dette kan koma innom og hente den sjuke, tek det seks døgn til Cape Town.

For å seia det på ein annan måte: Ein fer ikkje på helgetur til Tristan da Cunha.