Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jacob Roggeveen analyserer ein moai-statue.
Illustrasjon frå boka Writing: The Story of Alphabets and Scripts (p. 127) av Georges Jean, «Abrams Discoveries»-serien frå 1992. Foto: Wikipedia

Du kan byrja med å førestille deg at du er Jakob Roggeveen, den nederlandske oppdagaren som på påskesundag 1722 blir den fyrste europearen til å setja bein på øya vi i dag kjenner som Påskeøya. Det er i høgste grad eit levande samfunn du møter.

Du blir der ei vekes tid, og estimerer at det bur 2–3000 menneske på denne øya som er litt større enn Frøya og litt mindre enn Sotra.

Klimaet er godt og jorda tilsynelatande rik, og nesten heile øya er dyrka opp og blir brukt. Folket snakkar naturlegvis eit språk du ikkje har sjanse til å forstå.

Det mest forbløffande er likevel ikkje menneska, men dei veldige, menneskeliknande statuane som står langs heile kysten av øya. Dei blir kalla moai, og har hovud som utgjer rundt tre åttandedelar av kroppen. Det er hundrevis av dei, den største nesten ti meter høg. I steinbrotet, eit gamalt krater kalla Rano Raraku, er ytterlegare mange hundre moai under produksjon.

Du tek deg i å lure på kvifor: Kva er føremålet med desse enorme kunstverka? Eit anna spørsmål er korleis: Éi sak er å hogge ut statuane, men korleis i alle dagar få flytt dei rundt omkring på øya, og ikkje minst reist dei? Dei tyngste, veit vi i dag, veg over 80 tonn. Du er på ei øy nesten heilt utan tre, og kulturen er ikkje prega av avanserte tekniske hjelpemiddel.

Kva har føregått her?

Langt, langt til havs

Påskeøya er ei av verdas mest isolerte øyer. Formelt tilhøyrer ho Chile, men næraste busetjing er den britiske kolonien Pitcairn (som har si eiga eventyrlege historie), over 1900 kilometer unna. Opphavet til folket på Påskeøya har vore omstridd – og det same gjeld for det meste av historia til øya.

Vår eigen Thor Heyerdahl insisterte på at urfolk frå Sør-Amerika, rundt 4000 kilometer unna, kan ha greidd å segle til det enorme området vi i dag kjenner som Polynesia, der Påskeøya utgjer det austlegaste busette punktet. Med Kon-Tiki-ekspedisjonen prova han at dette saktens var mogleg. Det er likevel brei semje om at dei menneska som faktisk busette seg på Påskeøya, kom vestfrå, frå andre øyer i Polynesia. Dette handlar særleg om språklege og kulturelle fellestrekk.

Men: Ny genetisk forsking syner at polynesiarane må ha hatt ein eller annan grad av kontakt med Sør-Amerika, for på eitkvart vis har folket på Påskeøya fått blanda søramerikanske genar inn i sine eigne.

Clker Free Vecot Images/Pixabay/Canva

Levande fortid

Skulptur av Hot. Foto: Pauline Cheng/Flickr

Dei kallar seg rapa nui; det er namnet på både folket, øya og språket.

Den rådande teorien i dag er at øya fyrst vart busett rundt år 1200. Same kor desse busetjarane kom ifrå, må dei truleg ha reist minst 2600 kilometer i kano.

Ifylgje munnleg tradisjon teikna ned av misjonærar på 1860-talet, utvikla øya tidleg eit sterkt klassesystem med ulike klanar leia av kvar sin høvding. Men der var éin spesielt viktig felles høvding på toppen, ein direkte etterkommar av Hotu Matu’a, den fyrste høvdingen i soga til øya, ein mytisk figur.

Denne sterke tilknytinga til fortida er vesentleg også når det gjeld statuane: Dei er, peikar forskinga på, laga til ære for viktige forfedrar og avlidne høvdingar – men òg i ei sterk tru på at dei daude i stor grad påverkar livet til dei levande, og gjev dei det dei treng av helse, fruktbarheit, rikdom … Altså må dei daude haldast i godt humør, noko dei levande gjer gjennom ofringar. Eit særtrekk ved statuane er elles at dei kikar innover øya, mot busetjingane til dei levande – ryggen er vendt mot åndeverda i havet.

Denne moaien ligg ved hamna Hanga Roa Otai. Foto: Dennis Jarvis/Flickr

Avskoging og kannibalisme?

Undersøkingar har vist at då dei fyrste busetjarane kom til Påskeøya, må øya ha hatt mykje og høg skog. Det fanst mellom anna nokre særs høge palmar her, og dei fanst i rikt monn.

Nokre vitskapsfolk har meint at Påskeøyas vidare lagnad er historia om ein stor økologisk og sosial katastrofe. Det er liten tvil om at menneskeleg rovdrift på skogen var sterkt medverkande til den nesten totale avskoginga som skjedde. At arbeidet med dei enorme statuane spela inn her, er det heller ingen tvil om: Folket på øya må ha nytta hjelpemiddel av tre for å få frakta og reist statuane.

Innførsel av den polynesiske rotta øydela òg for mange planteartar.

Så har mangelen på trevirke utvilsamt påverka høvet til å fiske, og gjort jorda meir utsett for erosjon. Både landlevande fuglar og sjøfuglar vart det færre av. Den amerikanske forfattaren og historikaren Jared Diamond er mellom dei som har argumentert for at dette må ha medført matmangel på øya, med kollaps i samfunnsordenen, valdsbruk, sterk reduksjon i folketal og endåtil kannibalisme som resultat. Somme hevdar at øya kan ha hatt så mykje som 15.000 innbyggjarar på det meste, før alle tumultane byrja.

Sikkert er det at det mot slutten av 1700-talet og inn på 1800-talet var mykje intern strid mellom ulike grupper på øya. Sjølv om det kom nokre europeiske vitjarar med ujamne mellomrom, kan nok ikkje dei lastast for akkurat desse problema.

Ein vesentleg del av striden vart kalla huri mo’ai, «veltinga av statuane», gjort for å bryte opp det religiøse systemet og endre på maktstrukturane i samfunnet. Då franske misjonærar kom på 1860-talet, stod ikkje lenger ein einaste statue oppreist – det er fyrst i nyare tid at mange av dei har vorte heva att.

Mista 94 prosent av innbyggjarane

Men då «verda» for alvor kom til Påskeøya, vart det endå verre. Mellom 1862 og 1888 miste øya 94 prosent av innbyggjarane sine. Eit vesentleg ledd i dette, var at rundt 1500 menneske vart kidnappa og nytta som slavar i Peru. Dei fåe som vende attende, tok med seg koppar til øya, noko som drap endå fleire. Tuberkulose kom òg etter kvart – og ikkje minst vart det bygd ein stor sauefarm, der eigarane til liks med misjonærane byrja grabbe til seg landområde. Privateigd jord hadde inntil då vore eit ukjend fenomen på Påskeøya.

Utover dei menneskelege lidingane, vart alt dette ein kulturell katastrofe for folket på Påskeøya. På eit tidspunkt i 1877 skal berre 111 av rapa nui-folket ha vore i live. Forteljingar, tradisjonar, kunnskap – så utruleg mykje gjekk tapt. Eitt døme: Ingen kan i dag tolke rongorongo, ein type skrift som vart nytta på øya, og som berre særskilde samfunnsmedlemer forstod.

Etterkomarar held på løyndomane

Men – rapa nui finst framleis. Både øya, folket, språket – og til ein viss grad kulturen. Riktig nok er dei av folkegruppa som faktisk bur på øya, i klinsj med mynda i Chile om ulike politiske avgjerder som påverkar livet deira. Rundt 60 prosent av dagens 7750 øybuarar reknar seg for rapa nui, og mange fleire bur på det chilenske fastlandet.

Sjølv om øya ligg avsides til, bidreg turisme godt til økonomien – for dei er jo ein attraksjon, dei enorme statuane. Mange har forsøkt å tvinge svar ut av dei, men enno held dei godt på løyndommane.


10 kilometer frå den namibiske hamnebyen Lüderitz ligg spøkelsesbyen Kolmanskop. Foto: SkyPixels, Wikimedia Commons