«Eg skal vera litt sta, og eg skal jobba for å halda på dialekten min»

Gjøa Sveinsdotter Holmefjord
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg var lita budde eg og foreldra mine i Volda, og eg gjekk i barnehage saman med ungar frå bygda. Eg var ikkje meir enn to år, og var svært mottakeleg for ekstern språkleg påverknad.

Sjølv etter at eg og foreldra mine flytta heim att til Fusa sa eg «ej», «mej» og «vi». Det var ikkje før eg byrja i barnehagen heime at eg byta over til «eg», «meg» og «me».

Trøndersk, austnorsk og fusisk

Då me flytta heim budde me vegg i vegg med besteforeldra mine, og innanfor dei fire veggane på huset vårt var det fleire dialektar. Då eg var lita høyrde eg berre at bestemor snakka annleis enn resten av oss. Ho var frå Trøndelag og sa ting som «´sjø» og «punni».

Det skulle gå mange år, og ein sketsj i ein skulerevy, før eg innsåg at pappa heller ikkje hadde same dialekt som meg, mamma og besten.

Pappa er svært oppteken av språk og dialektar. Då han var tjue bestemte han seg for å leggja om dialekten sin fullstendig.

Eg har berre kjend pappa som «han som snakkar nynorsk (sjølv om det ikkje går, eg veit, eg veit, skriftsspråk og alt det der)». Eg kjende han aldri som austlendingen.

Av og til har eg undrast over korleis min eigen dialekt hadde blitt om pappa aldri hadde lagt om dialekten sin. Hadde eg snakka austlandsk med skarre-r. Eller hadde det at alle rundt meg snakka fusisk halde meg i sjakk. 

«Midt i mydla»

Etter kvart som eg har blitt eldre har eg blitt meir og meir oppteken av dialekten min. Eg har eit sterkt ynskje om å oppretthalda dialekten eg har.

Om mogleg vil eg leggja om, eller kanskje heller leggja tilbake, meir mot slik besten min snakkar.

Av alle besteforeldra mine er det besten eg liknar mest på i språkvegen. Me seier slikt som «auene», «lampo», «midt i mydla» og «å kjipa tå seg skodna».

Sistnemnde høyrde eg besten seia ein gong då eg var tolv, og etter det har eg prøvd å bruka det so mykje som mogleg. 

Ynsket er å ta i bruk ord som «talgaljos» og «uljekle», utan å måtta tenkja over at eg skal bruka det i staden for «stearinlys» og «regnkle».

Bergensk med ferja

Problemet mitt er at eg ubevisst etterliknar dialektar som ikkje liknar min eigen. I løpet av ungdomsskulen hadde eg byta ut o-endingane mine med en-endingar, fordi besteveninna mi, som eg var med kvar dag, var frå Bergen. Og etter ein månad på folkehøgskule snakka eg fusisk med Haugesund-tonefall. 

Eg er redd det ikkje berre er eg som ubevisst legg om dialekten min i møte med ei stadig tilstrøyming av dialektar og språk.

På vidaregåande gjekk eg ikkje i klasse med ein einaste bergensar, men alle osingane i klassen min snakka bergensk. Os er berre rett over fjorden, og det er få av den yngre generasjonen der som snakkar midthordlandsk.

Eg fryktar at det ikkje er lenge før bergensdialekten kjem med ferja over fjorden. Held dialektutviklinga fram slik ho gjer no er det ikkje lenge før alle heime snakkar ein slags bergenshybrid med store innslag av engelsk.  

Dialektrevolusjon

Eg kan jo håpa på ein dialektrevolusjon. At dei yngre generasjonane skal få opp auga og sjå verdien i å ta vare på eige språk og dialekt.

Samstundes trur eg at eg må godta at språk er i stadig endring, og sjølv om eg ikkje likar det, vil språket vårt og dialektane våre alltid endra seg.

Men eg skal vera litt sta, og eg skal jobba for å halda på dialekten min.

Eg skal kvitta meg med Haugesund-tonefallet og læra meg å seia «talgaljos».

Eg skal seia «midt i mydla» og «kjipa tå meg skodna» og eg skal føra vidare fusadialekten som eg held so kjær.


Marit Bersås (22) har austlandsdialekt sjølv om ho er oppvaksen mellom Nordmøre og Romsdal. Foto: Privat