«Eg er eit klårt døme på at dialekt og heimstad ikkje treng å ha nokon samanheng»

Marit P. Bersås (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget var eit av dei som fekk heidarleg omtale av juryen i Framtida.no, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar.

Eg tør påstå at det ligg mykje identitet i kva dialekt ein har. Somme gonger vil dialekta gi ein peikepinn på kvar i landet nokon kjem frå. Andre gonger ikkje.

Mange flyttar på seg og blir offer for såkalla «knoting». Dessutan forsvinn mange av dei arkaiske trekka og mange «distrikts»-dialekter blir meir og meir bynære, og mykje forsvinn frå generasjon til generasjon.

Folk flytter frå bygd inn mot byane og mange legg att dialekta. Som om ikkje det var nok, får me òg mykje påverknad frå engelsk. Samstundes er Noreg rikt på dialekter, og vi kan framleis ane kvar personen kjem frå basert på talemålet; nord, sør, aust eller vest, bygd eller by. 

«Hei, jeg heter Marit»

Når eg treffer nye folk, kan eg til dømes presentere meg slik: «Hei, jeg heter Marit». Den eg helser på, presenterer seg også gjerne på same måte med sitt namn. Vi vekslar smil og eit handtrykk, og kanskje fortsett samtalen. Eg har allereie gløymd kva namnet var, fordi eg er for oppteken av å prøve å høyre kva dialekt personen har.

Små dialekthint som pronomen, nektingsadverb og tonefall blir fokuset,  framfor kva samtalen eigentleg handlar om. Eg endar med å avbryte personen for å annonsere at eg vil gjette kvar dei er frå, for det er noko av det artigaste eg veit. Det naturlege oppfølgjarspørsmålet blir sjølvsagt «Du er frå […], kjenner du (namn på person frå […])».

Dialektengasjementet boblar og gjer meg varm i dialekthjartet når eg treffer folk som held godt på dialekta si, sjølv om det er mange år sidan dei budde i heimtraktene. 

«Kor er du eigentleg frå»

Samtalepartnaren får endeleg brote talestraumen og kastar ballen tilbake til meg. Sjølv har eg proklamert min kjærleik for dialekter og iherdig prøvd å geografisk plassere samtalepartnar basert på talemål. Ofte er det jo ein samanheng mellom desse momenta.

Når det er min tur innser eg kor snevert dialektsyn eg eigentleg har ytra: «Du pratar slik, då trur eg du er derfrå». Først må det seiast at det ikkje er noko galt i å vere frå Oslo. Men spørsmål som «kor er du eigentleg frå», «du er vel frå Oslo» eller «kvar i Oslo er du frå» vekkjer kjensler hjå meg.

Mellom Nordmøre og Romsdal

Det som er heim for meg ligg langt unna hovudstaden. Ikkje aust for Dovre i det heile, sjølv om dialekta mi skulle tilseie det. Eg er ikkje frå byen eingong, men på grensa mellom Nordmøre og Romsdal, på bygda – på ein gard. Kontrastane kan nesten ikkje bli større. Det er der eg har budd heile livet, det er det som er heime.  

Eg er altså eit klårt døme på at dialekt og heimstad ikkje treng å ha nokon samanheng. Og det er fleire som har same dialektskjebne som meg. Som dotter av ein tilflyttar tok eg tilflyttardialekta i staden for den lokale. Ikkje veit eg kvifor, og det er vel for så vidt ikkje noko feil med det.

Dialekter er framleis noko av det artigaste og finaste eg veit, og det rike dialektmangfaldet i Noreg er verdt å ta vare på. Hald fast ved dialekta di, same kvar du er frå eller kvar du bur. 


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!