Utdanning

«Få tilliten tilbake i skulen. Fjern fråværsgrensa!»

Med dei nye tiltaka frå Arbeidarpartiet som trer i kraft no i haust, vil skulekvardagen bli endå tøffare for elevane, med mindre rom for fråvær.

Leo Mrsic (18)
Leiar i Elevorganisasjonen i Buskerud
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett av redaksjonen.

Dagens fråværsgrense gjer at elevar berre kan ha opptil 10 prosent udokumentert fråvær. Etter at dei har nådd denne 10-prosentkvoten, vil dei miste karakter i faget. Denne prosenten blir rekna ut frå talet på timar ein har kvar termin, men fråværet blir lagt saman frå første og andre termin for å rekna ut totalt fråvær.

Denne grensa tek ikkje omsyn til situasjonen til elevane og tvingar sjuke elevar til å møta opp på skulen. No har denne allereie problematiske regelen vorte endå strengare.

Nye reglar

Dei nye endringane vil gjera at fråvær no berre blir rekna éin gong i skuleåret, i motsetnad til tidlegare, då det vart berekna to gonger (ein gong per halvår). Dette betyr at om ein får mykje fråvær tidleg i skuleåret, vil det bli vanskelegare å henta seg inn.

Ei anna stor endring er at legeerklæring først blir rekna som dokumentert fråvær etter at ein har nådd 10-prosentkvoten. Det vil seia at om ein ligg på 9 prosent fråvær, og neste fråværsdag gjer at ein passerer 10 prosent, kan ein bruka legeerklæring for å halda seg under. 

No vil også oppkøyring reknast som dokumentert fråvær, som er den einaste positive endringa med den nye fråværsgrensa.

Med dei nye tiltaka frå Arbeidarpartiet som trer i kraft no i haust, vil skulekvardagen bli endå tøffare for elevane, med mindre rom for fråvær.

Dette er eit stort steg bakover for norsk skule. Elevar treng moglegheit til å vera borte frå skulen når livet skjer – til dømes om nokon i familien går bort, eller om ein ikkje er i form.

Meir skjønn i arbeidslivet

Å grunngi endringa med at «fråværsgrensa skal bli meir lik arbeidslivet» held ikkje. For i arbeidslivet blir det faktisk vist meir skjønn, og ein har fleire rettar når det gjeld sjukefråvær enn det elevar har i dag.

I arbeidslivet har ein krav på ein del sjukedagar. Vanlegvis, ifølgje hovudregelen for folketrygda, er denne kvoten tre kalenderdagar – fire gonger i året. Denne kan utvidast endå lenger, til opptil 16 dagar, ifølgje Nav. Dette er allereie meir fråvær enn det elevar kan ha på skulen, og då gir det ikkje meining at skulen skal førebu oss på arbeidslivet når det er meir rom for å vera sjuk der.

Og på toppen av dette kan arbeidsgivarar la arbeidstakarar dra heim midt under arbeidsdagen viss arbeidstakar kjenner seg dårleg og det ikkje skaper store endringar for arbeidet. Dette tel ikkje på sjukedagane ein har, men viss ein elev ville dra heim midt i dagen på grunn av sjukdom, ville dei fått fråvær for dei resterande timane. Skal rektor og skuleleiinga ha så mykje mindre skjønn enn arbeidsgjevar?

Treng tillit

Om me verkeleg ønskjer at elevar skal vera førebudde på framtid og arbeidsliv, må me også behandla dei med tillit.

Derfor krev me i Elevorganisasjonen i Buskerud at den nye fråværsgrensa blir avskaffa heilt.

Skulen må byrja å visa elevane meir tillit. Det er ikkje rettferdig at resten av samfunnet fungerer etter eit tillitsbasert system, medan utdanningssystemet gjer det motsette.

Få tilliten tilbake i skulen. Fjern fråværsgrensa!