Skal du på påsketur? Her er turtips frå heile landet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den stereotypiske oppskrifta på norsk påske inneheld både Kvikk lunsj, krimseriar og fjelltur.

Heile 1,2 millionar nordmenn seier dei skal til fjells i sommar, ifølgje tal NRK har fått tilgang til.

Skal du bruke påskeferien din på fjellet, men treng inspirasjon til kor du skal gå? Her kjem turtips frå DNT ung-arar frå heile landet! 

Før du legg ut på tur, er det lurt å dobbeltsjekke at du kan fjellvettreglane! Ver på den sikre sida og ta Framtida.no sin fjellvettquiz her.

 

? Tverrbrennstua (Bodø)

Litt over ein times busstur og to kilometer inn på ski, ligg fine Tverrbrennstua. Her kan du reise kollektivt med buss, slenge på deg skia og gå to slake kilometer inn til hytta.

Der ligg to hytter og ventar på deg, med fjellutsikt til morgonkaffien. Kanskje er du så heldig å sjå stjernehimmelen og det vakre nordlyset danse på himmelen.

Her kan du reise både med vennegjengen, kjærasten og familien for ein dagstur, overnatting for å gå vidare til neste hytte, eller berre nyte området rundt hytta. Herfrå kan du til dømes gå vidare til Bjøllåvasstua på ski.

Det er ei ubetent hytte med DNT-nøkkel. Tverrbrennstua er perfekt for isfiske, aking, ski og leik utanfor. Der er utedo, vedfyring og ein kosekrok der du kan sitje og lese ei god bok og skode på fjella utanfor.

Hugs alltid kart og kompass, og planlegg alltid turen.

? Kongeleg tur til Haakonsbu

Om du vil gjere ekstra stas på påskehøgtida kan du ta skia fatt og gå turen inn til Haakonsbu.

Turen byrjar i Fiskfjorden og følgjer «Kronprinsruta», same ruta som Kronprins Haakon gjekk då han opna hytta i 2019. Følg Norddalen opp mot Gamfjellet. Herfrå dreier du nordvestover i retning mot Vesterforsvatnan og Steinvatnan og til slutt Haakonsbu med vakre Møysalen i bakgrunnen.

Turen følgjer ein trygg trasé når isen er godt frosen til. Ver obs på ei terrengfelle mellom dei to nedre Vesterforsvatnan (304 og 356) i Bekkedalen. For å unngå denne startar du stigninga opp frå vatn 304 mot sørsida i dalen før du kjem til innløpselva.

? Trugetur til Maistua

Er du på jakt etter ein eventyrleg nærtur i nord i påska? Då må du ta turen til Maistua, ei av Harstad Turlag sine flottaste hytter, som var med på Eventyrlig oppussing i 2018.

Turen startar frå Krafthallen og er kring 2 kilometer lang. Du kan velje om du vil gå til fots, på truger eller på ski.

Vel framme ved hytta kan du nyte ei niste og ein kopp varm drikke inne i den lunefulle igloen med spektakulær fjordutsikt.

Hytta er eit fint mål for ein dagstur! Ønsker du ein lenger tur går det merka sti vidare opp til Heia og Middagsfjellet med samband vidare til Folkeparken, for ein skikkeleg rundtur.

? Fjellskitur til Kjølen

Kjølen er eit perfekt fjell for fjellskitur, og ein kjem seg enkelt til startsstaden for turen med buss frå Tromsø.

Vel oppe på toppen kan ein nyte utsikta over Tromsøya, og varme seg i varmebua som er sett opp av Troms Turlag.

Turen er på 4,1 kilometer kvar veg, og passar fint også for dei som ikkje er veldig drivne på ski.

? Snarbyeidet – Tromsdalen

Dette er ein skitur ein anten kan ta over fleire dagar, eller som ein god dagsmarsj.

Turen er på kring 30 kilometer, og på vegen passerer ein dei ubetente hyttene Trollvassbu, Nonsbu og Skarvassbu, alle eigde av Troms Turlag. Her kan ein legge inn overnatting om ein ønsker. I tillegg passerer ein Tromsdalstinden som ruver majestetisk over byen.

Det går skibuss frå Tromsø sentrum til Snarbyeidet i helgene, og ein endar opp i enden av Tromsdalen, der ein kort busstur tek deg tilbake til Tromsø sentrum på kring 10 minutt.

Det vert køyrt løyper, men turen er også super på fjellski.

Om ein ønsker ein kortare tur, kan ein gå opp ein av dalane før Snarbyeidet, eller ein kan avslutte i ein av dalane før Tromsdalen.

 

? Topptur til Høa

Dette er ein fin topptur for fjellski-entusiasten, eller nybyrjaren på toppturski.

Turen er kring 6 kilometer totalt, om ein startar inst i Storlidalen. Det er perfekt helling heile vegen for flotte fjellski-telemarkssvingar, og er ein rask rekk ein fort to turar. Eller ein tur halvvegs opp nabofjellet.

Storlidalen er eit nydeleg utgangspunkt for topptur, med DNT-hytta Bårdsgarden som ei behageleg overnattingsmogelegheit.

? Rundt Gråkallen

Den korte turen rundt Gråkallen er òg anbefalt. Då kan ein ta buss til skistua, gå rundturen og så ta buss ned att òg.

Om turen vert for kort, så kan ein også gå innom Geitfjellet i staden for å ta buss ned att.

? Rundtur i Skarvan nasjonalpark

Rute: Bjørneggen – Ramsjøhytta – Schulzhytta – Bjørneggen

Dagsetappane er på kring 15 kilometer, på kvista løyper. Hyttene er opne, eller låst med DNT-nøkkel.

Om sommaren er Skarvan nasjonalpark myrene sitt rike, på vinteren er desse frosne. Det som likevel ikkje er frose, er det flotte landskapet!

Ekstratips: Opp til Græslihytta. Det kan verte gjort som ein dagstur.

? Rundtur rundt Snøhetta – Dovre

Ruta: Kongsvoll – Reinheim – Åmotdalshytta – Snøheim – Hjerkinn.

Dette er ein krevjande, men utruleg fin tur! Her får du det meste, både flatt, slakt og alpint. Området vest for Snøhetta er spektakulært, med høge, spisse fjell.

Dette er ein tur med telt, då Snøheimen er vinterstengd. Reinheim er likevel open, så denne kan verte nytta første natt.

Første del av turen inn til Åmotdalshytta er kvista, deretter følgjer ein traseen til sommarstien rundt til Snøheim, mellom Store langvasstinden og
Larstinden. Deretter følgjer vegen ned til Hjerkinn, eventuelt tilbake til Kongsvoll.

Heile turen er på kring 50 kilometer.

Ekstratips: Trekanten i Trollheimen

? Hallingskeid

Ta Bergensbana og hopp av på Hallingskeid. Hytta, som ligg berre 100 meter frå togstasjonen, gjev mange mogelegheiter til dagstur og skileik.

Ein kan òg utvide turen ved å gå til Finse, ein tur på kring 20 kilometer.

? Bergsdalen

Gå inn til Gullhorgabu i Bergsdalen. Ein tur på kring 8 kilometer.

Hytta ligg fint til blant snødekte knausar.

Her kan ein vere i fleire dagar, eller ta turen heim att dagen etter.

? Rundtur i Jotunheimen

Gå hytte til hytte mellom Noregs høgaste toppar i Jotunheimen.

Både Gjendesheim og Fondsbu er gode startpunkt som ein kan nå med kollektivtransport. Herfrå kan ein gå vidare til fleire hytter, eller ha ein base og gå toppturar.

? Frafjordtriangelet

Parkering på Høgaleitet i Hunnedalen. Start med tur til Blåfjellenden. Litt krevjande å kome til på vinterstid, men kort avstand og nydeleg plassering.

Sandvatn dag to, ei av våre mest besøkte vinterhytter. Siste dag ned til parkering igjen. Eignar seg godt som helgetur.

? Svartevassmagasinet rundt

Start Ådneram – Taumevatn – Heibergtunet – Storevatn–Kringlevatn – Storsteinen – Litle Aurådal – Grautheller – Ådneram.

Korte dagsetappar, så kan også verte korta ned frå sju til fire dagar. Nydeleg rute i kupert terreng. Her får ein sett mykje natur.

Svartevass har vore godt nedtappa denne vinteren, dessverre, men isen er trygg og kvista.

? Ryfylkestien frå Haukeli – Ådneram

Turen kan verte gått på alt frå sju dagar i roleg tempo til fire dagar i høgt. Kan verte gått både frå nord mot sør og motsett, alt etter om ein vil starte eller slutte med luksusen som Haukeliseter Fjellstue kan tilby.

Nydeleg rute i flott fjellterreng. Lite eigna for pulk, så sekk er å anbefale. Ruta er kvista og lett å følgje, gjer seg ekstremt godt som påskeplan.

Haukeli er lett tilgjengeleg med kollektivtransport, men frå/til Ådneram må ein planleggje på førehand.

 

 

? Overnattingstur til Eriksbu på Blefjell

Eriksbu ligg midt i Blefjell, og har fine dagsturmål rundt hytta.

Eriksbu har mellom anna Åklinuten å 1246 moh. som nabo.

? Rundtur i Langsua nasjonalpark

Gå tre til fire dagar i Langsua, eit vakkert fjellområde som også vert kalla Hulderheimen på grunn av sin trolske karakter.

Med tog, buss og taxi/bil kan ein kome seg opp til Synstgardsæter som eit utgangspunkt for turen. Gå inn til Storkvolvbua – Liomseter – tilbake til start.

Legg turen innom Haldorbu og/eller Skirusten om du vil forlenge turen.

? Rundtur i Rondane

Gå trekanten i Rondane: Rondvassbu  Bjørnhollia Dørålsseter.

Legg inn ein topptur eller fleire til ein av dei mange 2000-meterstoppane Rondane har å by på!

 


Kart i illustrasjonane: Store Norske Leksikon/CC BY-NC-SA 3.0 NO


Hugs på at du ikkje treng kjøpe alt friluftsutstyret nytt! Her er DNT ung-leiaren sine beste råd om kva du må sjå etter når du handlar utstyr brukt.

Anna Nes er leiar i DNT ung. Foto: DNT