Påskevettreglar for studentar

Maya-Katrin Skjeldal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No som påsken er her, ynskjer vi i Norsk Studentorganisasjon å kome med våre påskevettreglar til deg som er student og skal overleve ferien.

Hugs at ferie og fri er viktig, og uansett korleis du bruker veka, er kvile heilt nødvendig.  

  1. Planlegg påsken og meld frå kvar du går! 

Er det noko du har hatt lyst til å gjere lenge? Grip sjansen! Planlagde aktivitetar gjev deg noko å glede deg til. Fortel gjerne kva planane dine er til andre. Kanskje får du med deg hyggeleg selskap!   

  1. Nyt sola når ho er her!

    D-vitamin gjennom sola er billigare enn å kjøpe kosthaldstilskot.

  2. Ta omsyn til at eksamensperioden nærmar seg med stormskritt!

    Det kan vere lurt å ta med pensum ut i sola, om du manglar lesestoff! 

  3. Ver førebudd på at butikkar er stengde, kjøp inn det du treng og har råd til.

    Vi veit at økonomien ikkje alltid strekker til! Då kan det vere lurt å planleggje innkjøp i forkant, for å sleppe å dra på kiosken på sjølvaste påskeaftan.

  4. Ta kontakt med venar og medstudentar. Det er alltid kjekt å sjå vennlege fjes og finne på noko kjekt i ferien!

    Kanskje de kan ta ein tur ut i sola saman!

  5. Ta trygge vegval. Ikkje sløs heile stipendet.

 Afterski kvar dag kan bli litt tungt for kropp, sjel og lommebok.  

  1. Gje deg sjølv pusterom, Instagram er ikkje fasiten! 

Sjølv om det kan sjå ut som om alle har tidenes beste påske, så er berre sosiale medium høgdepunkta og ikkje alt som skjer! 

  1. Reis heim i tide, det er inga skam å dra på besøk hjå mor og far! 

Kanskje sparer du pengar på å vere heime ei vekes tid! 

  1. Spar på kreftene og ta pause, det hjelper mykje med litt kvile.

Som sagt kjem eksamensperioden snart. Då kan det vere lurt å føle seg utkvilt.  

Lykke til og god påske! 


Les også: Studietida er langt ifrå eit glansbilete

Maria Bonita Igland (23), Peter Alvsvåg (23) og Oda Mo Eikefet (23). Foto: Jannicke Totland / NPK, kollasj Framtida.no