Her er årets store påskequiz!

Litteratur, sport og godt og blanda – her er quizhefte for familien og venegjengen!

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 14.04.2025 12:04

Her finn du ein pdf-versjon av quizheftet som du kan printe ut for å vere quizmaster i påska: Quizhefte til påska 2025

Påske

1: Kva dag i påska hadde Jesus ifølgje Bibelen det siste måltidet med disiplane?

2: Veka mellom palmesøndag og påskeaftan blir kalla «Den … veka». Kva ord manglar?

3: Kva var Thor Heyerdahl sin teori om Påskeøya?

4: Fullfør første setning i påskesalmen: «Deg være ære, …»

5: Kva heiter quizprogrammet på radio som tar oss rundt i verda i påska?

6: Kva er kyrkjefargen/den liturgiske fargen i påska?

7: Kva heiter appelsinbrusen Solo utan tilsett sukker?

Litteratur

1: Kven har skrive «Normal People» («Alle andre») og «Intermezzo»?

2: Kva heiter forfattaren av «Roman 1987» og «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land», som gjekk bort tidlegare i år?

3: Kva bok har denne kjente opninga: «Det synes å være en alminnelig og vedtatt oppfatning at en rik ungkar trenger en kone.»?

4: Kvar er Agatha Christie sin detektiv Hercule Poirot frå?

5: Kva heiter boka Kathrine Nedrejord fekk Brageprisen for i 2024?

6: Kva blir boksamfunnet på TikTok kalla?

7: Kven skriv om førstebetjent Vanessa Frank?

Sport

1: Kor mange gull tok Johannes Høsflot Klæbo under ski-VM i Trondheim?

2: Kva tre land skal i 2026 arrangere fotball-VM for menn?

3: Kva heiter serien som følgjer ungdommar med ulike funksjonsnedsetjingar på vegen til ski-VM i Trondheim?

4: Kor blei det første moderne OL arrangert i 1896?

5: Kven er det som deltek på vinmaraton saman med Nicolay Ramm i «Helt Ramme sporter»?

6: I kva grein tok Solfrid Koanda OL-gull i Paris i 2024?

7: Kva heiter klubblaget Cristiano Ronaldo speler for i Saudi-Arabia?

Godt og blanda

1: Kva er det bilete av på dagens hundrelapp?

2: Kva heiter Noregs nye justisminister?

3: Kva heiter meldingstenesta der ein journalist vart lagt til i Trump-administrasjonen sin chat om eit militæråtak?

4: Kva heiter NRK-serien som er inspirert av livet til Sophie Elise?

5: Kva står forkortinga «IRL» for?

6: Kor gamal er prinsesse Ingrid Alexandra?

7: Kva er Sør-Amerikas største land i areal?

Dette er orda du leitar etter:

KVIKKLUNSJ
KYLLING
KROSS
GUL
PÅSKE
LAM
LANGFREDAG
HARE
JESUS
SOLO
SKI
PALMESØNDAG


Fasit: Påske

(1 poeng for rett svar)

1: Skjærtorsdag

2: Den stille veka

3: At dei første som busette seg der kom frå Sør-Amerika

4: «Herre over dødens makt»

5: Påskelabyrinten

6: Kvit

7: Solo Super

Fasit: Litteratur

(1 poeng for rett svar)

1: Sally Rooney

2: Dag Solstad

3: «Stolthet og fordom» av Jane Austen

4: Belgia

5: «Sameproblemet»

6: Booktok

7: Pascal Engman

Fasit: Sport

(1 poeng for rett svar)

1: 6

2: USA, Canada og Mexico

3: Team Pølsa

4: Athen

5: Emilie «Voe» Nereng

6: Vektløfting

7: Al-Nassr FC

Fasit: Godt og blanda

(1 poeng for rett svar)

1: Eit vikingskip (Gokstadskipet)

2: Astri Aas-Hansen

3: Signal

4: Rekviem for Selina

5: In real life

6: 21 år

7: Brasil