Redningsfolk ber om kritisk verktøy i skredsøk: – Hjelpelause

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når ein brukar med eit norsk nummer ringjer naudetatane, kjem det opp nøyaktig posisjon. Det same skjer ikkje når det er eit utanlandsk nummer som ringjer.

Det skaper store problem for redningsmannskapa, fortel hjelpekorset som rykte ut då fem italienske turistar vart tekne av skred i Lyngen i Troms fredag.

Hjelpekorpset rykte nemleg ut til feil fjelltopp på bakgrunn av informasjonen innringjaren hadde gitt til naudtelefonen. Det skjer ofte, fortel fagansvarleg for skred i Lyngen Røde Kors Hjelpekorps.

– Hjelpelause

– For vår del er det kjempeviktig at vi får ei løysing slik at når folk frå utlandet ringjer inn, kan dei posisjonerast raskt. Ved dei fire siste hendingane har vi slite med posisjoneringa. Då byrjar klokka til pasienten å tikke ganske fort, seier Frode Hansen i Lyngen hjelpekorps til NTB.

Daniel Larsen, leiar av hjelpekorpset, var med på leiteaksjonen etter at alarmen hadde gått sist fredag. Ein italiensk turist mista livet i skredet.

To menn i turklede i snødekt landskap

Daniel Larsen (til venstre) og Frode Hansen seier det er eitt kritisk verktøy dei treng. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK

Larsen seier at leitemannskapa samla seg i garasjen der dei har snøskuterar og drog opp til fjelltoppen like over dei fordi det var der dei hadde fått informasjon om at skredet hadde gått.

– Undervegs kom det meir informasjon, men ikkje klar informasjon. Vi byrja å forstå at det var lågare ned i terrenget og inn i Kvalvikdalen, seier Larsen.

– Etter kvart stod vi litt hjelpelause altfor høgt i fjellet utan noko høve til å bidra nedover der. Vi hadde sjølvsagt ein baktropp som køyrde andre vegen, men det er jo frustrerande å få feil informasjon, seier han.

Fleire ønskjer

Ønsket om å få hente ut nøyaktig posisjonering på utanlandske borgarar var eitt av fleire lokalsamfunnet informerte om på eit møte med justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp), fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) og landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

Blant dei andre ønska var å øyremerkje den foreslåtte turistskatten til beredskap, få ei nasjonal ordning for mobilvarsling av skredfare og å samle kunnskapsmiljøa for skred.

Men det viktigaste hjelpekorpset ber om, er altså å kunne sjå posisjon til utanlandske turistar som er ramma av skred.

– Det aller beste vi kan be om, er eigentleg at det ikkje går fleire liv i snøskred. For redningstenestas del er det ein nullvisjon, men vi innser at vi sannsynlegvis aldri kjem oss dit, seier skredekspert Hansen.

– Eg meiner det er nokså dramatisk at vi i 2023 ikkje får ei sånn løysing på plass, seier han.

Hansen seier at det også skaper ei uvisse i redningslaga.

Mann snakkar med justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og Lyngen-ordførar Dan Håvard Johnsen. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK

– Vondt kvar bidige gong

Skredeksperten fortalde også statsrådane om dei menneskelege sidene ved ei skredulykke – både blant dei pårørande etter dødsfall, blant dei som blir hardt skadde og for heile samfunnet, som kastar alt og stiller opp i ei dramatisk stund.

– Vi er dessverre nokså vande til denne typen hendingar. Men for min eigen del er det dei pårørande og familiane eg tenkjer på. Det er vondt kvar bidige gong. Ein går gong etter gong i dagane etter og tenkjer på om det er noko vi kunne ha gjort annleis, seier han.

Hansen fryktar at det blir fleire ulykker i tida framover.

– Alt blir forsterka. Turismen blir forsterka, og områda dei går inn i, blir utvida. Klimaet forsterkar alt. Når det er uvêr, er det verre enn før. Vi må erkjenne at gårsdagen aldri kjem tilbake og førebu oss på det som kjem framover, seier han.


Far og dotter Adina og Owe Lange møter heltane, hundeførar Pål Bakken og hunden hans. Foto: Samlaget