Dei skal leia årets «Festen etter fasten»

Cengiz Al og Bahare Viken skal leia årets id al-fitr-feiring på NRK 1 22. april.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig kult å få programleiarerfaring med eit så nydeleg program. Eg er så glad for at ein kan visa forskjellige kulturar på TV, seier Cengiz Al i ei pressemelding frå NRK.

I dag vart det annonsert at Cengiz Al og Bahare Viken tek over stafettpinnen som programleiarar for «Festen etter fasten». Det vert sendt på NRK1 22. april.

Sendinga startar klokka 19.50 og inviterer det norske folk med på den muslimske feiringa id al-fitr, som markerer slutten på fastemånaden ramadan.

Årets nyskaping

«Festen etter fasten» vart sendt første gong i 2020 og vann Gullruten for årets nyskaping. Under årets sending vert det musikk av artistane Delara og Jonas Benyoub, dansing av gruppa Quick Style og mange andre spanande innslag om alt frå mat til mote.

Artisten Delara skal opptre under årets «Festen etter fasten». Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Etter å ha vorte kjent gjennom NRK-suksessen «Skam», stakk Cengiz Al av med sigeren i «Skal vi danse?».

Programleiar Bahare Viken har jobba med nyheiter i NRK, og gler seg til den nye utfordringa, saman med «Skam»-skodespelar og «Skal vi danse?» -profil Cengiz Al.

– Dette blir også mi fyrste id-feiring, og eg håpar det kan vere med å vise at alle kan vere med på festen, uavhengig av bakgrunn, religion og etnisitet, skriv ho på Instagram-kontoen sin.

Viken understreker at «Festen etter fasten» er eit kjempeviktig program som gir innblikk i korleis andre høgtider fungerer.

– Uvisse kan jo vera med på å skapa frykt. Eg håpar sendinga kan vera med på å ufarleggjera ulikskap og fjerna negative haldningar ovanfor minoritetar i samfunnet, slik at vi heller kan sjå det positive i Noregs mangfald, seier ho i pressemeldinga.


Martin Luzi og Ayesha Zaeem. Foto: Privat


Les også «Då eg var 20»-spalta med Noman Mubashir, som trudde han skulle døy over Hardangervidda

Journalist og programleiar Noman Mubashir (47) var mest oppteken av jobb som 20-åring. Foto: Ole Kaland/NRK