Ein av fire grunnskulelærarar har opplevd vald og truslar
Arbeidstilsynet sett no inn tiltak for å gjere skuleleiarar- og tilsette meir medvitne på arbeidsmiljøforhold.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skuletilsette er ei av dei mest utsette yrkesgruppene for vald og truslar, skriv Arbeidstilsynet i ei pressemelding.
Ein av fire lærarar på grunnskulen har opplevd vald og truslar, viser forsking frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
Erfaringar frå tilsyn viser at fleire skular ikkje har tilstrekkeleg opplæring i førebygging og handtering av vald og truslar, og at det kan vere utfordrande for mange å øve rett og nok.
Det er også behov for at mange verksemder må lage betre og tydelegare rutinar når det gjeld vald og truslar.
– Ein har ikkje tid til å gjere så mange vurderingar når ein står i situasjonen. Det er ikkje tid til å lure på kva handlingsrom ein har eller lure på kva arbeidsgivar forventar. Det må vere kjent og må sitje i ryggmergen, seier Ida Aagaard, seksjonsleiar i Arbeidstilsynet.
No set Arbeidstilsynet i gang ein kampanje for å gjere skuleleiarar og tilsette i undervisningsbransjen medvitne på arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall, og for å auke trivsel og produktiviteten i bransjen.
Arbeidstilsynet skal gjennomføre omfattande rettleiing i undervisningssektoren som mellom anna webinar, e-læringskurs og informasjon dei spreier i sosiale medium. Dei skal også føre tilsyn.
