Fryktar lange køar for krisetelefonar

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stadig fleire tek kontakt med dei frivillig drivne krisetelefonane, men staten garanterer ikkje lenger at dei får pengar.

Både Mental Helse og Kirkens SOS bur seg på kutt, trass millionar i tilskot, skriv NRK.

Får ikkje øyremerka middel

I fjor fekk Mental Helse 374.000 meldingar og telefonsamtalar frå folk som trengde nokon å snakke med, ofte i ein desperat situasjon. Kirkens SOS fekk 304.000 førespurnader.

Det året fekk krisetelefonane og chattetenestene til organisasjonane øyremerka statsstøtte.

Det får dei ikkje i 2023, og må konkurrere med kvarandre og andre organisasjonar om same pengepotten. Begge får mindre enn dei søkte om, og fryktar at kutta vil gå utover dei som treng hjelp.

Mental Helse får 27 millionar til å drive chat- og telefontenestene sine. Det er 13 millionar mindre enn dei søkte om.

Uroa for unge

Generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse trur kutta vil gå hardt utover den døgnopne chattetenesta deira, som i 2022 svarte på 140.000 førespurnadar.

Og det er jo i hovudsak unge menneske som treng nokon å snakke med, så vi er veldig uroa for å måtte redusere tenestene, seier Berg-Heggelund.

Ellen Rønning-Arnesen (Ap) er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet. Ho seier at hjelpetelefonane til blant anna Mental Helse og Kirkens SOS, gjer ein stor innsats og er eit viktig supplement til det offentlege hjelpetilbodet.

Dei får til saman meir enn tre firedelar av heile potten.

Rønning-Arnesen seier at dei ville vekk frå ei ordning der mange enkeltmottakarar fekk øyremerka tilskot.

– Derfor flytta vi pengane inn i tilskotsordningar som ein kan søke på. Då blir det meir rettferdig og open, og det er kvaliteten på tilbodet som avgjer kor mykje midlar ein får. Det vil også gi meir likebehandling.


Mohammed viser fram forsida til ung.no på mobilen sin.ser på ung.no på telefonen sin.

Mohammed Al-Karbawi ser på ung.no på telefonen sin. Han svarar på spørsmål som handlar om det å vere ung frå andre. Foto: Birgitte Vågnes Bakken