Vekas viktigaste: Klimarapport, stormaktsmøte og TikTok-nekt

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil du ha vekas viktigaste nyheiter rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet her!

Ny klimarapport frå FN

Ungdommar med bind for auga framfor Stortinget.

Fleire klimaorganisasjonar slo seg saman for å markere den nye klimarapporten frå FN. Foto: Rasmus Berg/Natur og ungdom via Flickr

Måndag lanserte FN ein ny klimarapport. Det er ein såkalla synteserapport. Det vil seie at det er ei samanfatting av dei forskjellige rapportane som FNs Klimapanel har publisert mellom 2018 og 2022. Den neste gongen ein liknande rapport blir lansert er på 2030-talet.

Rapporten seier difor ikkje så mykje nytt, men understrekar:

  • Klimaendringar kjem av menneskeskapte utslepp av klimagassar.
  • Dei som slepper ut minst er dei som er påverka mest av klimaendringar.
  • Vi ser allereie konsekvensane av klimaendringar i dag, med blant anna meir ekstremvêr.
  • Verda vil truleg bli 1,5 gradar varmare mellom 2030 og 2035.
  • Dersom vi vil at verda ikkje skal bli meir enn 1,5 gradar varmare, må vi halvere CO₂-utsleppa innan 2030, og ha totalt null utslepp innan 2050.

Presidenten av Kina besøkte Putin i Russland

Xi Jinping og Vladimir Putin tek kvarandre i handa.

Foto: Vladimir Astapkovich, Ria Novosti, frå www.kremlin.ru

Frå måndag til onsdag besøkte den kinesiske presidenten Xi Jinping president Vladimir Putin i Russland. Dette er niande gongen den kinesiske presidenten er på offisielt statsbesøk i Russland, og denne gongen var det krigen i Ukraina som var hovudtema.

Kina har ikkje fordømt Russland sin invasjon av Ukraina, men har avvist at dei vil sende våpen til Russland. Dei la fram ein fredsplan for krigen i Ukraina under besøket.

Putin tok til orde for eit tettare samarbeid med Kina når det kjem til kol, gass og olje, og vil blant anna selje gass til Kina. Russland har vore utsett for mange sanksjonar frå vestlege land etter dei invaderte Ukraina, og Kina er ein viktig samarbeidspartnar for landet.

Både Putin og Xi kom med ei felles fråsegn under besøket om at atomkrig aldri må skje.

Etter besøket har den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj invitert president Xi Jinping til samtale om fredsforslaget.

Justis- og beredskapsdepartementet frårår TikTok og Telegram

Telefon med TikTok-appen

TikTok har blitt eit av dei mest populære sosiale media i Noreg. Foto: Solen Feyissa/Unsplash

Tysdag gjekk Justis- og beredskapsdepartementet ut og åtvara offisielt mot å ha appane TikTok og Telegram på tenesteeiningane sine. Det vil seie at tilsette i dei forskjellige departementa er tilrådd å slette desse appane frå jobbtelefonane sine.

Stortinget, Oslo kommune og Bergen kommune følgde også opp denne tilrådinga ved å torsdag be tilsette om å slette appane frå tenestemobilar. Dette gjeld også private mobilar som er kopla opp mot arbeidssystem som e-postkontoar.

Det er ein rapport frå etterretningstenesta som er bakgrunnen for forboda. Der blir blant anna Kina og Russland trekt fram som ein risiko mot tryggleiken til Noreg. Selskapet som eig TikTok, Bytedance, er kinesisk, og Telegram har russisk opphav.

India kutta internett for 27 millionar innbyggjarar i Punjab

India har sett inn kraftige tiltak for å arrestere Amritpal Singh, ein viktig leiar innan den sikhske separatistrørsla i regionen. Foto: WarisPanjabDe, Wikimedia Commons

India har denne veka arrestert over 100 personar som skal vere knytt til Khalistan-rørsla. Dei stengde av internett i fleire dagar for heile den indiske delen av regionen Punjab, medan dei forsøkte å arrestere Amritpal Singh, ein viktig leiar innan den sikhske separatistrørsla i regionen.

Punjab er ein region i India der fleirtalet tilhøyrer den religiøse minoriteten med sikhar. Nokre ynskjer at denne regionen skal frigjerast frå India og verte ein eigen stat. Ei av dei største stemmene er den radikale Khalistan-rørsla, som er ulovleg i India, og blir rekna som ei terroristgruppe av styresmaktene i landet.

Den siste veka med nedstenginga av internett for dei 27 millionar innbyggjarane i regionen er ei av dei mest omfattande stengingane av kommunikasjon i landet i moderne tid. Politiet i Punjab har rettferdiggjort nedstenginga med at det hjelper å sikre lov og orden, og hindre at falske nyheiter spreier seg.

I Uganda risikerer innbyggjarar livstid for å seie at dei er homofile

Parlamentet i Uganda.

Parlamentet i Uganda stemmer for ny lov mot homofili tysdag 31. mars. Foto: AP Photo/Ronald Kabuubi

Tysdag stemte parlamentet i Uganda for eit nytt lovforslag mot homofili. Lova vil tre i kraft etter å ha blitt signert av president Yoweri Museveni.

Uganda har allereie lover mot homofili, men det nye lovforslaget famnar breiare og skjerpar straffene knytte til det. I den nye lova vil blant anna:

  • det å identifisere seg sjølv som homofil vere ulovleg og kunne føre til livstid i fengsel.
  • venar, familie og arbeidsplassar bli pålagde å melde frå dersom nokon har eit homofilt samliv.
  • personar som veit dei har HIV eller andre seksuelt overførbare sjukdommar, og som har sex med nokon av same kjønn risikere dødsstraff.

Presidenten kan i teorien stoppe lovforslaget, men signerte i 2013 den fyrste moderne lova i Uganda som kriminaliserte homofili.

✨Lyspunkt✨: Fyrste skiflygingskonkurranse for kvinner nokosinne

Maren Lundby set ny personleg rekord med 216,5 meter i prøveomgangen før damene sitt første teljande skiflygingsrenn i Vikersund under Raw Air-turneringa.
Foto: Geir Olsen / NTB

Førre helg vart fyrste skiflygingskonkurranse for kvinner nokosinne heldt i Vikersund.

Ema Klinec frå Slovenia sette ny verdsrekord i den historiske konkurransen, med 226 meter. Maren Lundby sette også ny norsk rekord med 186 meter, og hamna på ein sjetteplass.