Søster-app til TikTok samlar inn personleg informasjon – får ikkje same sanksjonar
Den populære redigeringsappen CapCut kan også gi sensitiv informasjon til kinesiske myndigheiter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
CapCut-appen er nummer ein i både Appstore og Google Play når det kjem til gratis redigeringsverktøy. Han er spesielt mykje brukt for å lage videoar til TikTok.
Appen er også eigd av same selskap som TikTok: Kinesiske Bytedance.
CapCut samlar blant anna inn informasjon om bilete, video, kjønn, alder og stad. Likevel har ikkje appen fått dei forboda som TikTok har.
Den siste tida har mellom anna The Wall Street Journal og andre medium problematisert at den populære appen ikkje blir møtt med dei same reaksjonane.
Forbod mot TikTok
TikTok har til no vore under lupa i fleire samanhengar.
I USA kan ikkje statstilsette bruke appen på jobbtelefonen sin. Sveriges Television (SVT) har bede tilsette om å slette appen frå telefonen sin, og lagt ned forbod. EU har også lagt ned forbod mot TikTok for tilsette ved dei forskjellige institusjonane deira.
Heime i Noreg har justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) måtta gå fleire rundar med Stortinget om ho brukar TikTok på ein trygg måte.
Justis- og beredskapsdepartementet råda også nyleg frå å ha TikTok og Telegram på tenesteeiningane sine.
Blir det forbod mot CapCut?
TikTok samlar inn meir informasjon enn det CapCut gjer. Hovudgrunnen til at mange er skeptiske til TikTok er likevel ikkje mengda informasjon, men at det er det kinesiske selskapet Bytedance som eig appen.
Dei er truleg delvis eigd av kinesiske styresmakter, som gjer at Kina kan ha tilgang til informasjonen som blir samla inn om TikTok-brukarar.
- Vil du ha ei meir omfattande forklaring av kor trygg TikTok er? Ekspertane svarar på om du bør droppe TikTok
I teorien burde det same gjelde for andre appar som Bytedance eig, inkludert CapCut. India har allereie lagt ned forbod mot CapCut, på same måte som at mange andre kinesiske appar er forbodne i landet.
Dersom fleire land bestemmer seg for å forby ikkje berre TikTok, men alle appar som Bytedance har, må dei 400 millionane som har lasta ned appen finne seg ein annan måte å redigere videoar.