Denne saka var først publisert på Framtida Junior.
For norske brukarar under 18 år vil tidsgrensa setjast på ein time, skriv Tek.no.
I ei pressemelding skriv TikTok at dei innfører grensa for å gjera brukarane bevisste på kor mykje tid dei bruker på appen.
Etter 60 minutt vil appen låse seg og be om eit passord for å halda fram med skrollinga.

Fått kritikk
TikTok har blitt kjend for å tilby ein uendeleg straum av innhald som gjer det vanskeleg for brukarar å innsjå at dei bruker mykje tid på appen.
Mange har kritisert TikTok for å skapa avhengigheit, som er ein av grunnane bak den nye endringa.
Appen skrudde tidlegare av varslingar etter klokka 21 for unge brukarar for å passa på at ungdom får nok søvn.

Oppdatert:
fredag 3. mars 2023 09.47