Ofte billegare for nettbutikkar å kaste varer som kjem i retur enn å selje dei på nytt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor var ekstra mange julegåver kjøpte på nettet. November var truleg den beste månaden for netthandel i Noreg nokon gong, melder Forskning.no.

Arbeidsgivarorganisasjonen Virke trudde på førehand at det ville bli handla for over 21,2 milliardar kroner over nett i november og desember. Og det er faktisk ikkje dei som bur på bygda, som handlar mest på nett. I desember 2022 var det innbyggjarane i Oslo som handla mest, medan folk i Agder handla minst på nettet, ifølgje tal frå elhandel.com.

Miljømessig kostnad

Netthandel er lettvint, men medaljen har ei bakside. Det er ofte gratis å returnere varer kunden ikkje vil ha, og dette har både ein miljømessig og ein økonomisk kostnad.

Dei mange returane fører til ein meir kompleks logistikk enn vanleg handel, og det blir meir utslepp frå frakta. Eit anna stort problem er at mange varer ikkje blir selde igjen etter returen. Ifølgje svenske forskarar blir mange av dei returnerte varene rett og slett kasta.

Billege varer blir kasta

– Den harde røyndomen er at det å kaste er det minst dårlege for butikkane ut frå ein økonomisk synsvinkel, seier den svenske forskaren Carl Dalhammar. Han er ein av forfattarane av ein ny studie frå Lunds universitet.

Dei har funne ut at det spesielt er billege varer som blir kasta. Det er ofte meir lønsamt å kaste enn å ta jobben med å opne opp returen, kontrollere innhaldet, pakke vara om og leggje ho ut for sal igjen.

Forskarane har funne ut at dette er mest utbreidd i kles- og elektronikkbransjen.

I EU er det venta at summen av returnerte tekstil- og elektronikkprodukt som blir kasta, kan kome opp mot nærmare 22 milliardar euro i 2022.


Foto: Freestocks.org/Unsplash