«Nei til bygging av firefelts motorveg over Lågendeltaet»

Jorid T. Kristensen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er ei utsegn sentralstyret i Raud Ungdom har vedteke.

Verda står i ei naturkrise.

På berre 50 år har verdas dyrebestandar vorte redusert med 69 prosent, opptil ein million artar står i fare for å døy ut og forsvinne for godt og store delar av norsk natur er bygd ned.

Miljødirektoratet slår fast at arealbruk- og arealendringar er den påverknadsfaktoren som globalt har hatt størst negativ påverknad på natur og naturmangfald, både i økosystem på land og i ferskvatn.

Trass i dette, har regjeringa gått inn for at dei ønskjer å endre verneforskrifta til Lågendeltaet.

Firefelts motorveg i naturreservat

Lågendeltaet er eit naturreservat, og kjem dermed under det strengaste vernet i lova. Lågendeltaet er våtmark, som er blant dei mest truga naturtypane i Noreg, og er sterkt truga internasjonalt.

2020 – tiåret vert kalla naturrestaureringa sitt tiår. Eit av Noregs nasjonale miljømål seier at økosystema skal ha god tilstand, og levere økosystemtenester. Hovudtiltaket for å nå dette målet er restaurering av natur.

Noreg har òg gått i bresjen for ei ny naturavtale, signert 19.12.2022. Ho slår fast at 30 prosent av land- og havområde med rikt artsmangfald skal verte verna innan 2023.

10. februar kunngjorde likevel regjeringa at dei har gått inn for å byggje ein firefelts motorveg gjennom våtmarksområdet i Lågendeltaet naturreservat.

Det er skuffande og urovekkande at den same regjeringa som burde jobbe for vern av norsk natur, no tek så lett på å endre verneforskrifta for å byggje ein motorveg det ikkje er behov for.

Støttar sivil ulydnad

Kampen for Lågendeltaet angår oss alle. Om vi let regjeringa bryte med naturvernet på Lågendeltaet, er det ikkje godt å seie kva område som er neste.

Vi kan ikkje godta at regjeringa påstår at dei set naturvernet høgt, samstundes som sårbare område vert bygde ned.

Denne kampen er òg ein kamp for medverknad. For der naturavtala slår fast at klima- og miljøaktivistar skal verte inviterte inn i slike prosessar, har Natur og Ungdom først vorte inviterte til eit møte etter at regjeringa har lansert planane sine.

Natur og Ungdom har varsla at dei vil aksjonere sivilt ulydig for Lågendeltaet om det skulle verte nødvendig, og dei har vår fulle støtte. Dette er ei nedbygging av natur som vi ikkje kan godta.

Raud Ungdom sitt sentralstyre står på side med naturen, og seier nei til bygging av firefelts motorveg over Lågendeltaet.

Leve naturen, leve Lågendeltaet!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Nmf-leiar Erlend Sæther. Foto: Norsk medisinstudentforening