«Me medisinstudentar, komande legar, går ei uviss tid i møte»

Erlend Sæther
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er ikkje ei enkel tid i helsevesenet no. Skal me tru Helsepersonellkommisjonen, kjem det ikkje til å bli noko betre med tida heller.

Me medisinstudentar, komande legar, går ei uvisstid i møte.

Det er tre punkt eg særleg vil trekke fram som uvisse: kapasitetsutfordringar; oppgåvedeling; offentleg mot privat organisering av helsetenestene.

Legar som dokumenterer

Me vert godt vande med kapasitetsutfordringar under medisinstudiet. I klinisk undervisning på sjukehus er det ofte legane rett og slett ikkje har tid til å undervise oss. Dei har for mange kritisk sjuke pasientar til å prioritere oss.

Det gir ikkje oss eit særleg positivt syn på korleis livet som lege blir.

Nokon av kapasitetsutfordringane kan truleg løysast gjennom ei meir hensiktsmessig oppgåvedeling mellom dei ulike helseprofesjonane, der legar brukar meir tid på legeoppgåver.

For, dei siste åra har den enkelte lege brukt mindre og mindre tid i klinikken med pasientar og i undervising, og brukt meir tid til dokumentering. Nett her kan oppgåvedeling vere til hjelp.

Nokre noverande legeoppgåver vil kanskje helsesekretærar i framtida utføre, nokre vil
kanskje sjukepleiarar kunne ta ansvar for og nokre vil kanskje maskiner utføre.

Me håpar me uansett i framtida finn ei løysing der legar brukar meir av tida si til det me faktisk er utdanna til å gjere, diagnostisering og behandling av pasientar.

Uviss framtid

I det siste har debatten om ei privatisering av helsevesenet òg vore framme.

Kva vil det seie at me i framtida må ta meir ansvar for eiga helse? Kva vil skje med utdanninga av medisinstudentar og legar om meir av helsehjelpa blir ytt ved heilprivate verksemder? Vil fleire sjå etter ei privat helseforsikring for å «sikre seg» den beste kvaliteten på helsetenestene?

Desse spørsmåla vil bety særs mykje for korleis kvardagen vår kjem til å bli. Eg kjenner meg ikkje trygg nok til å svare på nokre av dei no.

Men, éin ting må liggje fast. Brukarar av helsevesenet må òg i framtida kunne forventa å leve betre og lengre liv enn ein gjer i dag. Me ville ikkje vore nøgde med helsetilbod på same nivå som på 60-talet i dag.

Då vil det vere heilt naturleg at ein i framtida brukar meir av dei offentlege utgiftene på helse, enn det me brukar i dag. Det faktumet kjem vi oss ikkje vekk ifrå.

Me ser store utfordringar i helsevesenet kome mot oss. Trass uvissa om framtida, skal mekomande legar gjere alt me kan for at framtidas pasientar skal få så god kvalitet på helsetilbodet som mogleg.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Ella Marie Hætta Isaksen og Greta Thunberg demonstrerer utanfor Olje- og energidepartementet. Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom, kollasj Framtida.no