«Gratis prevensjon er endeleg utvida til dei av oss som er under 16 år. Likevel er den øvre grensa 22 år»

Thea-Caroline Zwahlen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Det var på tide å kome med eit reelt tiltak for unge sin rett til sjølvbestemming! Det er likevel ein lang veg igjen å gå for å kunne sikre høgare likestilling mellom dei av oss som har livmor og eggstokkar og dei av oss som har penis og testiklar.

Kampen er ikkje over.

Prevensjon – ein menneskerett

Gratis prevensjon er no endeleg utvida til dei av oss som er under 16 år. Likevel er den øvre grensa 22 år, sjølv om mange over 22 år ikkje har ein stabil og sikker økonomi som kan vere med på å sikre at ein kan ta sjølvbestemte avgjerder rundt prevensjon.

I denne kampen gløymer ein nokre gonger at ein ikkje nødvendigvis berre har behov for hormonell prevensjon grunna samleie, men også på grunn av andre helseårsaker som kan lindrast og hjelpast gjennom hormonell prevensjon.

Her og no kan det sjå ut som ein liten siger for ei lita gruppe menneske, nemleg dei som har behov for hormonell prevensjon som er under 16 år. Det er derimot med på å vareta unge og barn sine menneskerettar, noko som barn og unge ikkje i like stor grad kan kjempe for sjølv.

Det er viktig å spreie kunnskap om kvifor retten til å bestemme over eigen kropp er ein menneskerett. Desse rettane er grunnleggjande for personars – spesielt dei av oss med eggstokkar og livmor – tilgang til og deltaking i utdanning, arbeidsliv og samfunnet generelt.

Prevensjonspress

Det skal kjennast trygt å kunne bestemme sjølv over sin eigen kropp, noko denne ordninga kan vere med å skape, då ordninga ikkje føreset foreldre eller føresette sitt samtykke, men nettopp ditt eige.

Saman med ordninga treng ein ei heilskapleg seksualitetsundervisning for å kunne ta eit godt informert val rundt prevensjon.

I dagens samfunn kan dei av oss med eggstokkar og livmor framleis oppleve eit stort press når det gjeld val av prevensjon. Det er overlate til deg med livmor og eggstokkar å beskytte deg sjølv mot for eksempel graviditet, trass i at ein er to om saka.

Denne støtta kan vere med å bidra til auka likestilling her og no, men også seinare i livet. På den andre sida er det ikkje all hormonell prevensjon som blir dekt fullt med dei 125 kronene. Det kan klart by på utfordringar, då «gratis prevensjon» faktisk burde bety gratis prevensjon uavhengig av prisen han har på marknaden. Reelt sett vil det hjelpe der det er behov for det og vareta menneske si moglegheit for sjølvbestemming. På den andre sida er det framleis ein kamp å ta for å gjere det heilt gratis og tilgjengeleg.

Betre seksualitetsundervisning

Heilt klart så kjem dette med større eigeansvar og opnar nok for fleire spørsmål og vanskelege val. Det eg meiner med det er at utan kunnskapen om hormonell prevensjon og deira verkemåtar kan ein ikkje ta gode nok informerte val for seg sjølv. Derfor er det viktig at alle har tilgang til heilskapleg seksualitetsundervisning som fokuserer på dei ulike formene for prevensjon og viser til oppdatert forsking.

Det er òg veldig viktig at unge får seksualitetsundervisning som inkluderer samtykke tidleg, slik at ein skaper eit tryggare grunnlag for unges val i dag. Vi veit at nokre debuterer seksuelt når dei er under 16 år. Å gjere det vanskelegare å få tak i hormonell prevensjon stoppar ikkje unge frå å ha sex når dei er under 16. Derimot gjer det ein allereie sårbar situasjon utrygg. Tidleg og god seksualitetsundervisning er derimot vist å føre til at ein debuterer seksuelt seinare, då ein har større grunnlag for å ta gode, informerte val.

Tiltaket slik det bør utformast, må også involvere gode pedagogiske tiltak for helsepersonell basert på den forskinga vi har i dag rundt hormonell prevensjon. Val av om du skal bruke hormonell prevensjon, og i så fall kva for ein, burde vere ein trygg og god samtale med helsepersonell. Det skal vere ein trygg og god samtale der unge føler seg sett og får hjelp til å finne den beste prevensjon for seg sjølv.

Gode løysingar for dei med testiklar og penis

Utanom dette meiner vi at forskinga må fortsette å finne gode og trygge løysingar for menneske med testiklar og penis, i like stor grad som vi har løysingar for hormonell prevensjon for dei av oss med eggstokkar og livmor.

Det er framleis store kjønnsforskjellar i samfunnet og noko av det er på grunn av økonomiske val ein må ta i samband med hormonell prevensjon likeins som menstruasjonsprodukt, som skaper sosioøkonomiske forskjellar for unge med livmor og eggstokkar i dag. Tiltaket med støtte til prevensjon for dei under 16 år er derfor nødvendig i kampen om likestilling og ein siger for unges reproduktive rettar! 


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også: «Ærleg talt oppsøkjer eg ikkje nyhende så mykje for tida. Har ikkje mentalt overskot»

Skjermdump: Framtida, NRK, BBC, TikTok og VG. Foto av skribent Kirsti Sæternes. Privat.