Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Tok porno livet av feminismen?» Det spør filosof og professor ved Oxford-universitetet Amia Srinivasan i boka «The Right to Sex».

Spørsmålet kan verka utidsmessig. For med framveksten av internett har spørsmålet om regulering av porno langt på veg blitt avgjort i pornoindustriens favør. Men for berre nokre tiår sidan delte spørsmålet den feministiske rørsla i to:

Mellom dei som såg porno som eit uttrykk for seksuell frigjering og som ein motreaksjon på eit djupt konservativt samfunn. Og dei som tvert imot meinte porno var det fremste uttrykket for eit patriarkalsk, mannssjåvinistisk samfunn.

Porno til folket

I dag er debatten om porno stort sett forvist til marginane. Porno er normalisert, lett tilgjengeleg og kjend for dei fleste kvinner og dei aller fleste menn. Vi har slått oss til ro med at porno eksisterer, og at han neppe forsvinn med det første.

Det heng saman med den utbreidde sexpositivismen i det 21. hundreåret, som ser all sex mellom samtykkande partar som grunnleggande positiv. Som ein reaksjon på konservativ skepsis overfor alt anna enn heteroseksuelt begjær, feirar sexpositive det store mangfaldet av individuelle begjær, og forstår seksualitet som ei positiv kraft.

I dette er det lite rom for problematisering av begjær.

Men kva om våre seksuelle preferansar og begjær er gjennomsyra av vårt konsum av porno? Kva om, som Srinivasan, skriv: «Psyken til studentane mine er produkt av porno», og «sex for studentane mine er det porno seier at det er»?

Illustrasjonsfoto: charlesdeluvio on Unsplash

Tenner du på støvlar? Kva med no?

Srinivasan meiner, i tråd med pornokritiske feministar, at begjær i alle høgaste grad er politisk: det vil seia at seksuelle preferansar er foranderlege, og blir påverka av kulturen og samfunnet rundt oss. Pornokonsum vil såleis kunne forplanta seg til det individuelle soverom.

Vi er vane med å tenkja på begjær som naturleg, medfødd og uforanderleg. Kan det vera noko sant i Srinivasan sin påstand? Er våre seksuelle preferansar eigentleg undertrykkande system som vi blindt har overtatt frå pornoindustrien?

Eit eksperiment utført før pornodebatten tok til, lukkast i alle fall i å skapa ein mild støvelfetisj hos mannlege, heterofile studentar. Metoden var ganske enkelt å plassera bilde av «seksuelt provokative kvinner» saman med eit par svarte, knelange kvinnestøvlar.

Dette gjorde ikkje berre støvlar seksuelt lada for studentane – også skotøy generelt fekk no ei seksuell ladning. Ei ny studie publisert i tidsskriftet Nature viste også at kvinner som blei eksponerte for seksualiserte og vakre bilete av overvektige menn over tid, opplevde overvektige menn som meir attraktive enn før.

«Porno er teorien, valdtekt er praksisen»

Såleis vil også kven vi opplever som «pulbare» kunne bli påverka av pornokonsum, meiner Srinivasan.

At den typiske pornoskodespelaren er ei kvit, ung, tynn jente med store pupper kan dermed sørgja for at desse styrkar sin plass på toppen av det seksuelle hierarkiet, mens overvektige, melaninrike, transfolk, og folk med funksjonshemmingar hamnar nedst.

Ei innhaldsundersøking av porno viser dessutan at ein overveldande del av filmane inneheld fysisk og verbal aggresjon.

Pornoskodespelaren er ikkje framand for å bli påført smerte, og er typisk glad i audmjuking: tidvis tryglar ho om å bli dominert og tatt med makt. Men yter gjerne motstand likevel, som for å visa at motstand er noko mannen har å overkomma, og at det aldri dreier seg om reell motvilje.

Slik byggjer pornoindustrien på myten om den kvinnelege valdtektsfantasien: uansett kor mykje ytre motvilje ho måtte visa, vil ho eigentleg, inst inne.

«Porno er teorien, valdtekt er praksisen», skreiv derfor feministen Robin Morgan i 1974.

Ytring eller handling?

Men er vi ikkje i stand til å skilja fantasi frå røyndom? Porno frå verkeleg sex? Mange, blant dei rettsfilosofen Ronald Dworkin, har argumentert for det. Han meiner pornografi bør reknast som ytringar, som dermed er verna av ytringsfridomen.

Desse ytringane er kanskje djupt kvinnefiendtlege, og portretterer kvinner som underdanige vesen som likar å bli dominert, og som skal behandlast deretter. Like fullt, meiner Dworkin, bør porno reknast som politiske ytringar, og haldningar til kva som utgjer det gode liv.

Porno består såleis, ifølgje denne oppfatninga, av ytringar som vil overtyda folk om visse idear om kvinner. Kor vidt desse er sanne eller ei, er opp til folk å vurdera – ikkje staten.

Men «porno er utforma for å skapa orgasmar, ikkje konklusjonar» innvender Rae Langton og Caroline West. Implisitt seier porno «kvinner likar valdtekt» og «seksuell vald er legitimt», og det at porno dels verkar som fiksjon står ikkje i vegen for at dette forplantar seg i ekte interaksjonar med ekte kvinner, meiner West og Langton.

Såleis er porno ikkje (berre) tale som forsøker å levera eit bodskap, men handling som endrar oss utan at vi sjølv er det bevisst.

Pornolandet i nord

Fleire studiar peikar i retning av at det kan vera noko i dette. Ein metastudie frå 2010 viste ein betydeleg samanheng mellom pornokonsum og haldningar som støtta vald mot kvinner.

Menn som oppgir å sjå hyppig på porno har også mindre sannsyn for å føla med valdtektsoffer, har større sannsyn for sjølv å ha intensjon om å valdta, og har større sannsyn for å gjera seg skuldig i seksuelle overgrep.

Også kvinner som såg på porno hadde mindre sannsyn for å bryta inn når andre kvinner blei seksuelt overfalne, og større sannsyn for å tru på valdtektsmytar.

Porno er sjølvsagt ikkje éin ting, og ei rekke mindre produsentar forsøker å gjera innhald tilgjengeleg som ikkje først og fremst rettar seg mot heterofile menn. Til dømes frontar enkelte «feministisk porno». Men samanlikna med gratis, fritt tilgjengeleg porno, er slike produsentar framleis relativt marginale.

Samstundes melder Pornhub, verdas mest besøkte pornonettstad, om usedvanleg mykje trafikk frå Noreg. Dei tre mest populære kategoriane (i 2018) var «Lesbian», «MILF» og «teen», medan «Big Tits», «Babe» og «Bondage» følgjer litt lenger nede på lista.


Arman Surizehi (med mikrofonen) og influensar Hanne Kro Sørborg snakkar med folk på gata om skilnaden på porno og sex. Foto: Sex og politikk

Kjelder:

  • Srinivasan, Amia. The Right to Sex: Feminism in the Twenty-first Century. New York: Farrar, Straus and Giroux, 2021.
  • Langton, Rae, and Caroline West. «Scorekeeping in a Pornographic Language Game.» Australasian Journal of Philosophy 77, no. 3 (1999): 303–19.