Vekas viktigaste: Opptrapping i Ukraina, havavtale og britisk asylstans

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil du ha vekas viktigaste rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet her!

Denne veka har vore prega av mellom anna lågare fødselstal i Noreg, demonstrasjonar i Georgia som stansa ei omdiskutert agentlov og eit dødeleg angrep mot Jehovas vitne i Tyskland.

Her er nokre av dei største nyheitene frå veka som gjekk:


Massive angrep mot Ukraina

Mann ryddar rundt utbomba hus

Lokale ryddar opp etter dei russiske åtaka som råka Lviv-regionen i Ukraina hardt natt til torsdag 9. mars. Foto: AP Photo/Mykola Tys

 

Natt til torsdag vart Ukraina utsett for dei kraftigaste åtaka på fleire veker, melder NTB. Ifølgje ukrainsk militære har Russland skote 81 rakettar og åtte dronar mot Ukraina.

Angrepa vart retta mot sentral infrastruktur i ti regionar, og minst ni menneske skal vera drepne i åtaka. Åtaka har gått hardast ut over Lviv-regionen, melder NRK Nyheter.

Den russiske regjeringa kallar åtaket ei «massiv gjengjelding» for at ei gruppe ukrainarar skal ha teke seg inn i Brjansk-regionen i Russland. Ukraina avviser desse påstandane.

Også byen Bakhmut i Aust-Ukraina har vore under stort press den siste veka. Leigesoldatgruppa Wagner melde at dei hadde omringa den strategisk viktige byen som har forsvart seg mot russiske styrkar i fleire månadar.


Storbritannia vil utvisa asylsøkjarar

Storbritannias statsminister Rishi Sunak

Statsminister Rishi Sunak held ein pressekonferanse om tiltaka for å stanse migrantar frå å ta båtvegen over Den engelske kanalen. Foto: Rory Arnold / No 10 Downing Street

Tysdag la den britiske innanriksministeren fram lovforslaget The Illegal Migration Bill, som inneber at personar som kjem til Storbritannia utan lovleg innreise skal utvisast.

I fjor kom over 45 700 migrantar med båt over Den engelske kanal. Det er over dobbelt så mange som i 2021. Slike migrantar vil den britiske regjeringa fengsla i inntil 28 dagar, før dei vert deportert.

– Om du kjem hit ulovleg kan du ikkje søkja asyl, du kan ikkje dra nytte av vårt vern mot moderne slaveri, du kan ikkje koma med falske menneskerettskrav og du kan ikkje bli, sa statsminister Rishi Sunak på ein pressekonferanse.

Migrantane skal både nektast asyl og opphaldsløyve i Storbritannia på livstid. Migrantane skal sendast tilbake til heimlanda sine eller til Rwanda, der Storbritannia har inngått ein kontroversiell avtale om å ta imot flyktningar.

Fleire kritiserer det nye forslaget for å bryta med FNs menneskerettar og retten til å søkja asyl. Det er difor venta at forslaget vil klagast inn for domstolane, skriv Dagsavisen.


Høgre større enn heile venstresida på meiningsmåling

Høgre-leiar Erna Solberg (H) fotografert då ho var statsminister i 2020. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret

I ei ny meiningsmåling får Høgre 36,9 prosent oppslutnad.

Høgre-leiar Erna Solberg skriv i ein e-post til Fri Fagbevegelse at målinga er så god «at den nok ligger i ytterkanten av hva vi kan tørre å håpe på».

På same målinga får Arbeidarpartiet 15,5 prosent oppslutnad, som er eit nytt botnnivå for regjeringspartiet.

Til samanlikning fekk Arbeidarpartiet 26,3 prosent oppslutnad ved førre val stortingsval, og Høgre 20,4 prosent.

Undersøkinga er gjort på oppdrag for Opinion for Dagsavisen og Fri Fagbevegelse.


Belarusisk opposisjonsleiar dømt til 15 år fengsel

Stortingspresident Masud Gharahkhani og Svetlana Tikhanovskaja

Den belarusiske opposisjonspolitikaren Svjatlana Tsikhanowskaja vitja Noreg i desember 2022. Foto: Peter Mydske/Stortinget

Den belarusiske opposisjonsleiaren Svjatlana Tsikhanowskaja (40) vart måndag dømt til 15 år i fengsel for «høgforræderi». Både etterforskinga og dommen vart sagt utan at Tikhanovskaja var til stades, melder VG.

Tsikhanowskaja har levd i eksil i Polen og Litauen sidan valet i Belarus i 2020.

Den belarusiske opposisjonsleiaren var ein av presidentkandidatane. Ho tok plassen til ektemannen, som vart fengsla og seinare dømt til 18 års fengsel.

Sitjande president Aljaksandr Lukasjenka vart erklært som offisiell vinnar av valkommisjonen. Ingen internasjonale organisasjonar fekk observera valet, og resultatet vart ikkje anerkjent av ei rekkje vestlege land.

Valet utløyste kraftige protestar og fengsling av opposisjonspolitikarar i Belarus, som ofte vert omtalt som Europas siste diktatur.


Skal verne 30 prosent av havet

Ein knølkval fotografert i det fri. Illustrasjonsfoto: Whit Welles, Wikimedia Commons

Denne veka kom havavtalen The High Seas Treaty i mål. Det skjedde etter nesten to tiår med diskusjonar og fire år med forhandlingar.

Over 100 land har no plikta seg til å verne 30 prosent av havet. Vernet skal skje innan 2030, ifølgje den nye avtala. To tredjedelar av verdshava er internasjonalt farvatn, altså utanfor ansvarsområdet til enkeltland.

Den nye avtalen sørgjer for at ein likevel kan verne om dyrelivet som bur i dette området.


✨Vekas lyspunkt✨: Norsk-afghanske Pamir Ehas (28) på Forbes-liste

Advokatfullmektig Pamir Ehsas

Advokatfullmektig Pamir Ehsas står på Forbe si «30 under 30»-kåring for sosial påverknad. Foto: Privat / NTB

Det amerikanske forretningstidsskriftet Forbes har lansert si «30 under 30»-liste over personar i Europa med stor sosial påverknad.

På lista står advokat og Brighter Tomorrow-gründer Pamir Ehsas (28). Organisasjonen driv ei e-læringsplattform som når 800 afghanske barn årleg, men som siktar mot å nå 10 000 barn dei neste 10 åra.

– Å bli anerkjent av Forbes og oppført blant samfunnsdrivarar som Malala og Mark Zuckerberg er ei utruleg ære og ei påminning om at vår innsats og prestasjonar har eit potensial til å påverke verda, seier Pamir Ehsas til NTB.

I tillegg vart Ehsas nyleg vald ut til Barack Obama sitt leiarskap-program. 


Har du fått med deg desse sakene?