Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 27.02.2023 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Antrekket kan kjøpast for 18 dollar.

– Dei bruker noko som tilhøyrer det samiske folket til kommersiell bruk. Dette er det tydelegaste symbolet på det samiske, og er av spesiell betydning for samane, seier finske Áslat Holmberg, president i Samerådet, til VG.

16. februar la rådet ut eit innlegg på Twitter der dei forklarte standpunktet sitt:

Dei har no sendt eit brev til spelselskapet. Her har dei bede om at antrekket blir fjerna frå spelet omgåande.

Samerådet er eit politisk samarbeidsorgan for dei samiske organisasjonane i Finland, Noreg og Sverige.

– Vi meiner dette er ein tydeleg kopi av den samiske folkedrakta, eller at det har ein sterk relasjon til samiske symbol. Vi vil at dei skal vite at dei har brukt kulturarven vår utan å ha nokon kontakt med oss – vi vil reise denne problemstillinga, seier Holmberg.

Spelet er produsert av det japanske spelselskapet Square Enix. Selskapet har førebels ikkje svart på VGs førespurnad.