Staten vil ha slutt på betaling i skulane
Skular bryt lova når foreldre må betale for turar og andre aktivitetar. No varslar Statsforvaltaren i Vestland fleire tilsyn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ser at det er ein del ulovleg praksis, og difor vel vi å ha tilsyn med skulane, seier Mats Petter Sydengen, som er seksjonsleiar hos Statsforvaltaren i Vestland, til NRK.
Då Statsforvaltaren i Vestland undersøkte praksisen i fjor, fann dei at alle skulane braut gratisprinsippet.
– Vi veit at ein del fleire familiar enn før slit med økonomien. Brot på gratisprinsippet får dermed større konsekvensar enn det gjorde tidlegare, seier Sydengen til NRK.
Treningssamlingar, pizzabollar og inngangspengar
Statsforvaltaren i Vestland har allereie har hatt tilsyn ved skular i Stord, Alver og Sogndal og på Voss. Ved skilinja på Voss gymnas fann dei at elevane må dekke delar av kostnadane til treningssamlingar i skuleregi og at kostnadene til dette er på rundt 5000 kroner i året. I tillegg kjem utgifter til ski og klede.
Skulen seier til NRK at dei vil rette seg etter Statsforvaltaren, men prøve å finne ei løysing slik at dei kan halde fram med turane.
I Stord har foreldre kjend seg pressa til å bake pizzabollar, noko skulen fekk påpakning for, medan det å ta inngangspengar for juleballet på Sagatun skule i Balestrand har vore ulovleg, skriv NRK.
Alle bidrag må vere frivillige
Gratisprinsippet er ikkje til hinder for dugnad og gåver frå heimane. Men gåvene må vere anonyme, og alle bidrag må vere frivillige.
I tillegg til Vestland, er det til no berre statsforvaltarane i Nordland, Rogaland og Trøndelag som har hatt tilsyn med skular for å finne ut om dei bryt gratisprinsippet. I Rogaland hadde mellom anna har 16 vidaregåande skular brote lova.
I Vestland er det varsla at kommunane Bremanger, Solund, Høyanger og Fitjar får tilsyn i år.