Fosen-aksjonistane har samla inn 750.000 kroner som skal dekkje bøter
Natur og Ungdom har starta ein innsamlingsaksjon som på få dagar har samla inn 750.000 kroner. Pengane skal dekkje bøter frå politiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi starta innsamlingsaksjonen for å sikre at ein kunne gi rettshjelp til aksjonistane som aksjonerte inne i Olje- og energidepartementet torsdag morgon, seier leiar Gina Gylver i Natur og Ungdom til VG.
– For å bidra til å dekkje bøter, mat og reise, banner og alt vi treng for å gjennomføre aksjonane. Det er sinnssjukt mange folk som ønskjer å støtte, seier Gylver.
Demonstrantar har vorte frakta bort etter å ha blokkert inngangen til fleire departement i Akersgata i Oslo. Politiet har varsla at dei blir melde og at dei vil få høge bøter.
– Alle som aksjonerer er klar over at det er ein mogleg konsekvens, seier Gylver.