Eit år med krig i Europa – desse lærdomane bør Noreg ta med seg

Naja Amanda Lynge Møretrø
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Russlands angrepskrig mot Ukraina har vart i eitt år no. Han har fått enorme konsekvensar i form av tapte menneskeliv og øydeleggingar på bakken.

Men krigen har også påverka resten av verda, inkludert oss her i Noreg. Korleis har han påverka oss og kva sit vi att med?

Med frykt for å vere litt navlebeskuande, vil «vi» vere oss i Noreg, og sjølvsagt endå meir presist: perspektiv frå meg, ei ung kvinne som er svært engasjert i ein ungdomsorganisasjon som arbeider med utviklingspolitikk.

Krig, heilt nært

Det at krigen kom nærare Noreg geografisk og geopolitisk gjorde at dei fleste av oss fekk krig heilt framme i monitor, på ein annan måte enn før. Dette gjaldt særleg dei første vekene.

Dei fleste av oss følgde Russland sitt innrykk i Ukraina nøye gjennom dei kontinuerleg oppdaterte toppsakene i alle nyheitsmedia. Også i sosiale medium spreidde det seg videoar frå krigen på bakken.

Sosiale medium skulle vise seg å få ei viktig rolle i denne krigen, og vart eit sentralt verktøy i oppbygginga av Zelenskyj, som eit sterkt symbol på Ukraina.

Videoar på TikTok har gjort at krigen kjendest nærmare, særleg for unge som kontinuerleg vert oppdaterte via sosiale medium, og difor får krigen inn i kvardagen på ein heilt annan måte.

Skjermdump frå TikTok @valerisssh

Solidaritet og ufrivillig krigsprofitør

På nokre måtar har blikket vårt vorte retta meir utover. Folk har vist solidaritet både i form av gjevarvilje til hjelpeorganisasjonar og private initiativ. Også gjennom kampanjar på Facebook og Instagram med profilbilete-ramme og delebilete, har folk flest vist si støtte til Ukraina.

Frå politisk hald har det vore eit unisont politisk Noreg som har vore tydelege i si støtte for Ukraina, om enn med litt ulike politiske tiltak og verkemiddel.

På andre måtar har derimot blikket vorte retta meir innover. Vi har sett eit Noreg som tener historiske summar på olje og gass som følgje av krigen, samstundes som vi for første gong merkar økonomisk tøffare kår med høge straumprisar, matprisar og renteheving.

Dette går som alltid hardast utover dei som har minst frå før.

Det er forferdeleg at det skal gå an å ha så lite i dagens Noreg som det har kome fram den siste tida. Ein skulle tru at ein stat som tener rekordsummar på petroleumseksporten kan takle økonomiske nedgangstider betre, samstundes som vi ikkje mister fokus på dei andre krisene i verda.

Mange av oss har frå starten meint at Noreg i aller høgaste grad burde ta eit mykje større ansvar.

Både nasjonalt og internasjonalt har Noreg sett seg sjølv på kartet som ufrivillig krigsprofitør. Som det vart skrive i The Economist i haust: «Norway is profiting embarassingly from war i Europe». Dette er ikkje ein merkelapp Noreg ønskjer seg.

Gløymde kriser vert ekstra gløymde

I førre veke vart Stortinget samde om ein stor hjelpepakke til Ukraina på 75 milliardar kroner over fem år. I tillegg skal det verte gjeve fem milliardar til land i sør som opplever negative ringverknadar av krigen.

Dette er veldig bra, og viser styrken bak politisk vilje og brei politisk semje.

Det var tverrpolitisk semje om å støtte Ukraina. Foto: Peter Mydske/Stortinget

Eg skulle ønske denne viljen også fanst i kampen mot andre kriser verda vert råka av.

Basert på kor fokuset i media og politikken ligg, verkar det som om dei gløymde krisene vert ekstra gløymde, og dei krisene vi vanlegvis snakkar mykje om har vorte stilt i bakgrunnen.

Kvinner i Afghanistan har dei siste åra vorte fråtekne all rett til samfunnsdeltaking. Dei har verken tilgang til skulegang, arbeidsliv eller helsehjelp.

I Jemen, som har vorte omtalt som vår tids største humanitære krise, er det framleis millionar som har akutt behov for mat og annan naudhjelp.

Klimakrisa, etter så mange år med semje om at dette er «den største krisa i vår tid», har vorte nedprioritert trass i katastrofale konsekvensar.

Dette viser tydeleg at krig hindrar utvikling. Sjølvsagt på bakken, der det skjer, men også i stor radius rundt.

Og sjølv om krigen med rette tek mykje av fokuset vårt, betyr ikkje det at vi burde låse oss inn i ikkje-berekraftige løysingar som på lang sikt sender oss inn i ei endå verre klimakrise.

Dei som har mest, må bidra mest

Så, kva har vi eigentleg lært i løpet av eitt år med krig i Ukraina? Det vil nok verte tydelegare med tida.

Vi har fått ei påminning om at Europa ikkje er ei krigsfri sone, og at fred ikkje er ei sjølvfølgje – heller ikkje her.

Vi har også sett at ved å stå saman kan ein få til mykje, også mot ei militær stormakt.

Så håpar eg at vi i etterpåklokskapens lys ikkje må sjå tilbake på korleis vi reagerte på denne krigen med å gløyme resten av verda. Førebels verkar det som om Noreg og andre land treng eit større dytt på dette området.

Eg håpar også at forståinga av at krig og ringverknadane som følgjer, hindrar og set anna viktig politikk på vent, vil gje Noreg betre gangsyn i møte med land i det globale sør som står i meir liknande situasjonar heile tida.

Det er vanskeleg å takle ei fattigdomskrise, gjeldskrise og klimakrise samstundes. Og dei som har mest, må bidra meir.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Lidia ligg på ei seng med ein labrador retriever.

Lidia med hunden Michael som no er med besteforeldra. Foto: Privat