Stadig fleire unge blir uføre, men få har forsikring

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Nav var det 21.500 uføre i alderen 18 til 29 år ved utgangen av september i fjor. Tala viser at stadig fleire unge blir uføre.

– 21.500 menneske utgjer 2,6 prosent av befolkninga i denne aldersgruppa og viser at det slett ikkje er eit konstruert problem. Stadig fleire unge blir uføre. Andelen som slit med fysiske og psykiske problem utan å vere i uførestatistikken endå er også aukande, seier Ole-Jørgen Kjenes i Frende Forsikring i ei pressemelding.

Kjenes fortel at unge er flinke til å forsikre tinga sine, men at det er få som forsikrar inntekta. Likevel er det denne gruppa som har mest å tape ved å bli ufør.


Les også innlegget frå 23-åringen som er ufør, men fekk fleire mogelegheiter under pandemien: – Eg er redd for at det går tilbake til total isolasjon og skam dersom vi mistar moglegheitene korona har skapt for oss

Illustrasjonsfoto:
@christinhumephoto/Unsplash