Ein av tre nordmenn trur Ukraina vinn krigen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På spørsmål om kva land som til sjuande og sist vinn krigen, svarer 35 prosent Ukraina. Berre 5 prosent svarer Russland, medan heile 46 prosent seier at ingen av dei vinn. Resten veit ikkje. Det viser ei meiningsmåling gjennomført av Opinion.

Nora Clausen er seniorrådgjevar og partnar i Opinion.
Foto: Opinion

– Sjølv om klart fleire trur på ukrainsk enn russisk siger, antek nærare annankvar nordmann at ingen av dei vinn denne krigen, seier seniorrådgivar Nora Clausen.

Trur krigen blir langvarig

Same kva utfallet av krigen blir, så trur nordmenn at krigen blir langvarig. I gjennomsnitt trur nordmenn at krigen vil vare i 27 månader til. Det betyr i så fall at krigen først er ferdig rundt mai 2025.

– Ingenting tyder på at nordmenn trur krigen i Ukraina er ferdig med det første. Samtidig som det blir markert eit år med krig i Ukraina, trur berre ein av ti nordmenn at krigen er slutt eit år fram i tid, seier Clausen.

72 prosent av dei spurde synest også at Noreg har handtert krigen på ein god måte. 16 prosent er misfornøgd med handteringa, medan resten veit ikkje.

Undersøkinga er gjennomført i Opinions samfunnsmonitor, i eit landsrepresentativt utval av befolkninga på 1.050 personar i februar 2023.


Har du fått med deg desse sakene? 

Les også: For eitt år sidan tilbaud ingen ukrainsk. No er faget meir populært enn russisk

Annja Edyta Johansen studerer ukrainsk ved Universitetet i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken