Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det høyrest teit ut å seie det, men eg er utruleg glad i det meste av det jobben min går ut på.

Det fortel Connie Lunde på e-post til Framtida.no.

26-åringen frå Skien er ambassadør for DNB Ung. Ho trivst med alle deler av arbeidskvardagen. Frå å planlegge opptak og å vere framfor kameraet, til etterarbeidet med klipping og ferdigstilling av prosjekt.

– Men det aller beste må kanskje vere kor frie tyglar vi får og at vi får sjå at ideane vi kjem med ofte vert realiserte.

Svindel og sjekking

Saman med kollega Nathaniel Ottersen deler Connie Lunde økonomitips og erfaringar med 30.000 følgjarar.

Ho deler påminningar som å avslutte abonnement før prøveperioden går ut, kva spareappar som er lure å ha på mobilen, og hennar eiga soge om korleis ho vart svindla for 17 000 kroner.

Det mest utrulege som har hendt ho på jobb er då ho var på Slottsfjellfestivalen i fjor sommar. Då måtte ho sjekke opp folk frå 20–70 år med skjult kamera.

– Eg fekk også avslag av alle saman, noko eg rekna med, hahaha. Bra eg ikkje har det å sjekke opp folk som jobb, sei.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Connie Adelina Lunde (@connieal)

Droppa ut av studia

Connie Lunde har drive mykje med video- og medieproduksjon på fritida, òg før ho starta hjå DNB sommaren 2021.

– Eg laga videoar av alt mogeleg rart og brukte mange timar på YouTube for å lære meg å klippe dette saman, forklarar ho.

Sjølv om ho eigentleg studerte psykologi, skjønte ho fort at ein jobb der ho lagar videoinnhald og tenkjer kreativt var midt i blinken.

– Så då tok det ikkje lange tida før eg droppa ut av studia og begynte på ei bachelorgrad i medium og kommunikasjon, som eg går siste året av no.

Då ho såg ein av dei tidlegare Ung-ambassadørane skulle slutte, var ho snar å sende inn ein søknad. Etter nokre rundar med intervju og video-oppgåver, smatt ho gjennom smottholet og fekk jobben.

Connie Lunde og Nathaniel Ottersen er ambassadørar for DNB Ung. Foto: Stig B. FiksdalFoto: Stig B. Fiksdal

– Svarte det til forventningane? 

– Eg må ærleg innrømme at jobben har vore over all forventing. Vi har veldig varierte arbeidsdagar, får vere med på utruleg mykje gøy, møter mange menneske og har eit sinnssjukt bra miljø på jobb. I denne jobben får eg også vere med i alle ledd av produksjonsprosessen, noko eg synest er veldig artig.

Varierte dagar, men lite tid

26-åringen er no i sitt siste år av ei bachelorgrad i medium og kommunikasjon hjå Oslomet. Der spesialiserer ho seg i film og TV-produksjon.

Gjennom utdanninga har ho såleis vore innom mykje som er relevant i kvardagen som bankambassadør på sosiale medium.

– Samstundes så krev ikkje akkurat denne stillinga eit veldig avansert studium, men meir ei genuin interesse, supplerer Lunde.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by DNB Ung (@dnbung)

– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Vi har veldig varierte arbeidsdagar, men for det meste går det i at vi har møte der vi idémyldrar og sparrar med kvarandre, i tillegg til at vi planlegg konkrete uttak, filmar, redigerer og publiserer. Nokre dagar møter vi også personar som vi intervjuar, medan andre dagar er vi på photoshoot.

– Kva er det mest utfordrande?

– Det mest utfordrande med jobben er kanskje å få tida til å strekke til. Vi jobbar begge 50 prosent og skulle gjerne hatt meir tid, så vi kunne gjort endå meir.

Tips: lag eigne videoar

– Yrket passar godt for menneske som er nysgjerrige på økonomi, som likar å jobbe kreativt og som er glad i sosiale medium og videoproduksjon.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Mine tips er nok å lage videoar og innhald på eiga hand, så har ein noko å vise til, men samstundes vere nysgjerrig og ha eit ønskje om å lære.

Sjølv drøymer Connie Lunde om å halde fram med å videoproduksjon også i framtida.

– Gjerne endå meir humorretta, for det synest eg er veldig gøy.