Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den beste kjensla er å skape løysingar som andre menneske brukar. Den kjensla blir ein raskt avhengig av.

Då pandemien trefte Noreg var Håkon Ellingsen 15 år, tiandeklassing og vart send på heimeskule. I staden for å følgje nøye med i videotimane, laga han ein robot som gjorde at det såg ut som han var med.

Det gjorde han for å bruke tida si på å lage eit konsern: Ellingsen Group.

18 år og 80 tilsette

Jobben som konsernsjef fekk han dimed av seg sjølv, ved å registrere selskap og skape ein eigen arbeidsplass både for seg sjølv og andre, fortel han i ein e-post til Framtida.no.

I dag er han 18 år gamal og har nesten 80 tilsette i IT-firmaet, ifølgje NRK.

– Eg starta selskapet under pandemien. Pandemien tok frå menneske mange rettar dei vanlegvis har. Likevel fekk dei meir av den mest verdifulle ressursen vi har: tid. Tida vart på mange måtar fryst.

Dette høvet tok Håkon Ellingsen til å rekruttere talent gjennom internett, som han har jobba saman med for å bygge opp selskapet.

Til Framtida.no fortel han at han alltid har ønskt å halde seg utanfor det rigide systemet som det ordinære utdanningsløpet tilbyr. Sjølv droppa han ut av vidaregåande og har inga formell utdanning anna enn grunnskulen.

– Eg hadde forventa at det skulle bli tøft. Og det vart det.

Berg-og-dalbane

Han fortel om lange dagar og netter, med store oppturar og nedturar.

– Det er ein berg-og-dalbane. Eg vart likevel overraska over at mange ikkje har dei beste intensjonane, og at ein må vere veldig kritisk både når ein inngår nye samarbeid og når ein tilset nye folk.

Selskapet arbeider med digitale plattformer og programvareutvikling, og lagar både eigne appar og appar for kundar, ifølgje NRK. Ein vanleg arbeidsdag for konsernsjefen inkluderer for det meste møte med ulike avdelingar, produktarkitektur og rekruttering.

– Mesteparten av tida mi blir brukt til å motivere og leie alle på laget. Eg teiknar alltid bilete over kor vi har tenkt oss, og kva den endelege visjonen er.

På natta kvernar han vidare på ny idear og forretningsområde for selskapet.

– Positivitet er ei kraft

18-åringen synest det beste med jobben er alle menneska ein kan endre livet til.

– Eg veit at eg har løfta opp mange menneske som har blitt gått forbi av det ordinære systemet, men har fått moglegheita til å blomstre i mitt selskap.

Han meiner yrket hans passar for dei som klarar å inspirere og motivere andre, noko han ser som ein nøkkelingrediens for å klare å rekruttere andre menneske.

– Ein klarar ikkje å skape eit selskap sjølv. Ein vil alltid behøve å rekruttere andre menneske til sin visjon. Ein må også vere kreativ, og dessutan ha eit løysingsorientert tankesett, seier Ellingsen, og held fram:

– Problema vil vere mange, og du må ha ei naturleg evne til å alltid fokusere på løysingane. Positivitet er ei kraft.

Ikkje flaks

Ellingsen fortel at somme ikkje forstår alt arbeidet som ligg bak det han har oppnådd, og kva ein må ofre. Nokre nemner også flaks.

– Dette er beinhard jobbing dag etter dag, i lang tid.

Det mest utfordrande med å vere konsernsjef, er presset. 18-åringen synest likevel at han meistrar denne utfordringa godt, og at han opparbeidd seg stor toleranse for press.

– For å lykkast er eg overtydd om at du må klare å halde deg roleg under periodar med stort press.

Han rår unge som siktar mot ein liknande jobb til å lytte til seg sjølv, i staden for å la andre menneske diktere kva val ein skal ta.

– Har du lyst til å gjere noko, så må du følgje kallet og ikkje sjå deg tilbake. Kanskje må ein gå imot straumen og det ordinære systemet, men det må ein tørre.

Har ein draum om å skape internett på nytt

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det er vanskeleg å nemne ei bestemt hending. Det mest utrulege er å sjå tilbake på alle dei mikrohendingane som leidde til mange større hendingar.

– Når ein ser tilbake, så kan ein trekke linjer mellom alle hendingane og sjå korleis dei leidde deg heilt hit. Det er fascinerande, og eit bevis på at små hendingar over tid vil resultere i dei store hendingane, utdjupar konsernsjefen.

Vidare drøymer Håkon Ellingsen om å gjenskape internett og gi det til folket.

– Eg drøymer også om å inspirere menneske på jorda til å følgje sitt eige kall.


Jane Lool under innspeling. Foto: Sindre Deschington

Håkon Ellingsen

Alder: 18
Frå: Kongsvinger
Yrke: Gründer
Utdanning: Inga