«Å nekta ufrivillige barnlause å få hjelp gjennom surrogati er diskriminering»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Fruktbarheita i Noreg i dag er låg. Eit fruktbarheitstal på berre 1,41, viser tydeleg at kvinner i snitt føder altfor få barn til å oppretthalda befolkningsraten på sikt.
Bak desse tala skjuler det seg ei brutal sanning. Det er historier om sorg, tap og ufrivillig barnløyse, som ofte kjem av alvorlege medisinske tilstandar.
Mange årsaker
Mange kvinner blir ramma av sjukdommar og diagnosar som gjer det vanskeleg, og til tider umogleg å få eigne barn.
Rundt 15 prosent av kvinner har skadde eller blokkerte eggleiarar, samtidig som at 10 prosent blir ramma av PCOS. I tillegg har minst 5 prosent av kvinnene som er ufrivillig barnlause, endometriose, noko fleire brukar årevis på å få diagnostisert.
Desse problema er langt frå uvanleg og infertilitet kan oppstå av den minste feilen eller aktløysa. Dersom ein har klamydia og ikkje behandlar dette raskt nok kan det få alvorlege konsekvensar for eggleiarane, noko som igjen kan føra til barnløyse.
I Noreg i dag har me fleire par og einslege menneske som kjempar hardt for å få barn, men likevel møter utfordringar. Alternativa som blir tilbodne er ofte dyre og langt frå bra nok.
Altruistisk surrogati
Når me veit at dette er noko som rammar så mange kvinner og påverkar samfunnet i sin heilskap, er me avhengig av å prioritera kvinnehelse, eit tema som i mange år har vore nedprioritert i politikken.
Me i Framstegspartiet meiner det er på høg tid å styrkja tilbodet til kvinner som blir ramma av alvorlege, men ofte usynlege lidingar, som endometriose, PCOS og andre tilstandar som fører til ufrivillig barnløyse.
Me ønskjer auka forsking på kvinnehelse, raskare diagnostisering og betre behandlingstilbod. Samtidig er me nøydde til å sikra at fertilitetsbehandling er tilgjengeleg for dei som treng det.
Framstegspartiet viser no igjen at me meiner alvor. Det vart på landsmøtet vårt vedteke at me skal kjempa for å tillata altruistisk surrogati i Noreg. Dette er eit nødvendig steg for å gi fleire moglegheita og fridommen til å få biologiske barn, på ein trygg og regulert måte i vårt eige land.
Surrogati må anerkjennast som ein reell og etisk forsvarleg løysing for dei som ikkje kan bera fram eigne barn, som ein del av ein heilskapleg kvinnepolitikk der individets behov og rettar blir først sette.
Tvingast ut av landet
Dagens forbod tvingar norske par, med ønske om å bli foreldre til å reisa til utlandet. Dette er land med varierande grad av regulering og tryggleik som skaper ein utryggleik for dei som skal bli foreldre. Prosessen blir gjerne dyrare og meir risikofylt. Når me ser at land som Canada og Storbritannia har etablert etiske og trygge ordningar for dette, så burde det nesten vera sjølvsagt at Noreg som eit såpass høgt utvikla land, burde slå seg med.
La oss kalla ein spade for ein spade. Å nekta ufrivillige barnlause til å få hjelp gjennom surrogati er diskriminering. Det er som å seia ønsket deira om å få barn ikkje er verdt å ta på alvor. Me kan ikkje sitja stille å oversjå den smerta mange lever med kvar einaste dag.
Framstegspartiet ønskjer eit samfunn der me set familie og fridom høgt.
Derfor seier me ja til surrogati, me seier ja til å hjelpa dei som ikkje kan få barn på eiga hand og me seier nei til eit system som tvingar norske borgarar til å forlata landet for å få hjelpa dei så sårt treng og fortener.