Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om det er ein ting eg har lært av dette, så er det at eg ikkje har noko peiling på kva som vil skje eit hundreår frå i dag.

Det fortel forskar Paul Fairie frå University of Calgary til NPR.

Forskaren har saumfare aviser frå 1923 for å sjå kva spådomar dei hadde for 2023. Resultatet delte han på Twitter.

Dette er nokre av dei mest interessante spådomane:

Kjøkenet har forsvunne

I 1923 såg ein ikkje lenger føre seg at vi skulle bruke tid på kjøkenet. Innan 2023 skulle ein ete mat som var laga ved hjelp av kjemiske formlar.

Sausen som vi kjenner han skulle òg vere vekke for godt, og erstatta med ei velsmakande tonic-blanding av mellom anna vitamin og kaloriar.

Nyre-varmar på kjølige dagar

Ei avis meinte nyre-varmarar kom til å verte daglegdags på kalde dagar innan 2023 – på same vis som ein held tekanner varme ved å dekke dei til.

Enn så lenge, nei. Kanskje innan 3023?

Svarte tenner er in 

Innan 2023 så kom kvinner truleg til å barbere hovudet og menn til å ha krøllar. Det vart kanskje rekna som ein vågal spådom i 1923, men det har vist seg å vere sant.

Mindre hell var det med spådomen om at jenter kom til å måle tennene sine svarte.

«Kjem vi ikkje til å vere vakre?» spurde Savannah News.

Alle er vakre

Apropos vakre, ein annan spådom hevda at innan 2023 vil skjønnheitskonkurransar vere unødvendig fordi det vil vere så mange vakre menneske at det er umogeleg å kåre ein vinnar.

Det same ville gjelde baby-konkurransar, som tydelegvis var populært i 1923.

Firetimarsdagen

Takka vere elektrisitet, spådde Charles P. Steinmetz at ein skulle sleppe å arbeide meir enn fire timar kvar dag.

I tillegg ville elektrisitet føre til at alle byar ville vere plettfrie.

Vi kjem til å leve til vi er 100–300 år

«Innan 2023 kan den gjennomsnittlege levealderen verte auka til 100 år,» spekulerte ei avis. I individuelle tilfelle, kan levealderen auke med 150 år eller til og med 200 år.

Ei anna avis siterte ein forskar som gjekk endå lengre. Han hevda at innan 2023, ville den forventa levealderen vere heile 300 år.

Trådlaus krig og telepati

Professor A.M. Low fortalde ei avis at innan 2023 er krigar trådlause.

I tillegg trudde han telepati mogelegvis kom til å eksistere i foster, noko som ville vere ein nyttig måte å kommunisere på.

Mobiltelefonen

Ei avis frå 1923 melde at det 100 år fram i tid, ikkje lenger ville vere noko post sendt mellom New York og San Francisco. Varer skal kunne bestillast til London frå Peking (dagens Beijing) og verte levert same dag, takka vere køyretøy med toppfart på 1600 km/t.

Avisa trefte blink med spådomen om at telefonar på storleik med klokker vil late folk i 2023 kommunisere verda rundt.


Kvalbuss, for å kome seg fram til fiskeridinga og havhestdykkinga. Illustrasjon av Jean-Marc Côté 1899.