Fire av ti mannlege studentar frå distrikta fullfører ikkje utdanninga

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det blir stadig fleire nordmenn som tek universitets- og høgskuleutdanning, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Måndag publiserte dei ei oversikt som undersøkjer forskjellane på utdanningsval og gjennomføring basert på kvar studentane har vakse opp i landet.

Tala frå 2021 viser at personar som er oppvaksne i mindre sentrale strøk, i mindre grad tek høgare utdanning enn folk frå meir sentrale stader.

– Det er også ein mykje større del kvinner enn menn som tek høgare utdanning same kor sentralt dei har vakse opp. Dette kan henge saman med at kvinner i mykje større grad går studieførebuande på vidaregåande, skriv SSB.

Eldre studentar frå distriktet

Studentar frå distrikta er også i snitt noko eldre enn studentar frå meir sentrale strøk. Snittalderen frå distrikta er 23 år, medan talet er 21 år frå meir sentrale strøk.

Aldersforskjellen kan ha samanheng med at fleirtalet av elevane i distrikta går yrkesfagleg vidaregåande skule, skriv SSB.

– Viss desse ikkje tek påbygg som sitt tredje år på vidaregåande, men seinare ønskjer å ta høgare utdanning, vil dei naturleg nok kunne vere eldre når dei skal byrje i universitets- og høgskuleutdanning, heiter det.

Studentar frå dei minste distriktskommunane skil seg ut med ein spesielt høg del som er 40 år og eldre, og blant desse vel ein stor del lærarutdanning.

Generelt er helsefag og lærarutdanning meir populære studieretningar blant studentar frå distrikta.

Fleire hoppar av

Samtidig er det også ein forskjell på fullføring av utdanninga. Fire av ti mannlege studentar frå distrikta fullfører ikkje grada dei har byrja på, ifølgje SSB.

Omtrent 75 prosent av kvinnelege studentar fullfører utdanninga, uavhengig av kvar dei har vakse opp. Men andelen er noko lågare for kvinner frå sentrale strøk, der andelen er 70 prosent.

Det er også ein høgare del studentar frå sentrale strøk som vel å reise på utveksling til utlandet. Her er andelen 8 prosent av studentane frå dei mest sentrale områda mot 2 prosent frå dei minst sentrale.

– Dette kan henge saman med at studentar frå dei mindre sentrale kommunane er eldre, noko som kan gjere det mindre aktuelt å dra til utlandet, skriv SSB.


Les også: Tea (18): «Gi realfag ein sjanse»

Teaa Volle (18) går VG3 studiespesialisering på Sogndal vgs. Ho oppmodar fleire til å velje realfag. Foto: Privat