Tea (18): «Gi realfag ein sjanse»

Tea Volle (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Matematikk. Kjemi. It. Biologi. Fysikk. Dei berykta realfaga. Skumle, og heilt umoglege å meistre. Faga som berre dei smarte bør velje.

Du har ofte moglegheita til å velje realfag. Uansett om du skal velje linje på vidaregåande, valfag, studiar eller kva du skal jobbe med, så er realfag eit mogleg val. Likevel er det mange som blir skremt vekk frå å velje realfag, og det gjeld særleg jenter.

Mange som skal velje får høyre frå folk rundt seg at realfag er umogleg å få til, og at det smartaste ein kan gjere er å velje noko heilt anna. Forventningar frå samfunnet får mange potensielle realistar til å gå andre vegar. Det er trist.

Om realfag kan vere vanskeleg? Ja. Om realfag kan ta tid? Definitivt. Er realfag likevel verdt det? Så absolutt.

For sjølv om det både kan ta tid og vere vanskeleg, så kjem du til å få det til, utan å måtte ofre alt av sosialt liv og fritid. Alle vi som har realfag no klarer det. Du vil klare det du òg.

Det er lite som slår meistringsfølelsen du får etter å ha klart eit vanskeleg reknestykke. Eller at koden endeleg køyrar som den skal. Eller at du forstår kvifor ein glir på is, men ikkje på asfalt.

Realfag er skikkeleg interessant, og sjølv om det til tider er både håplaust, irriterande og vanskeleg, så er det samstundes nydeleg, fantastisk og inspirerande.

Trur du at du kan vere litt interessert i koding? Synest du matte kan vere gøy? Vil du vite korleis verda fungerer? Vel realfag.

Det er ikkje uoverkommeleg, uansett kva foreldre, venner, lærarar og kjende seier. Du trenger ikkje å kunne noko på førehand, du vil lære det på vegen.

Realfag er framtida og realfag er spennande. Så uansett kva for ein situasjon du er i og kva du skal velje – gi realfag ein sjanse.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også: «At ein robot no kan erstatte lærarane sine roller og elevane si eiga læring bekymrar meg»

William Matteus Fonn (17) er uroa for norskfaget i lys av kunstig intelligens. Illustrasjonsfoto: Åshild Slåen