Alle artar er ikkje like viktige for økosystema

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bortsett frå sjølve eksistensen er ikkje alle artar like viktige. Somme er såkalla nøkkelartar som held økosystema saman – og forsvinn dei, vil mange andre artar forsvinne.

– Det er heilt klart at ulike artar har ulik betydning, og somme er heilt klart viktigare enn andre, seier Torbjörn Ebenhard, økolog og direktør ved Center for Biological Diversity i Uppsala.

Omgrepet «keystone»-artar stammar frå den amerikanske økologen Robert T. Paine (1933-2016). Då han studerte organismane i tidvassona i Stillehavet i delstaten Washington i USA på midten av 1960-talet, fann han at nokre artar har uforholdsmessig stor effekt på omgivnadene, medan andre har svært liten påverknad.

The Living Planet-indeksen for kvar region frå 1970 – 2018. for each IPBES-regionane (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services) frå (1970 to 2018) Tal frå rapporten Living Planet Report WWF/ZSL 2022.
Grafikk: Framtida.no/Canva

I forsøket sitt fjerna Paine alle sjøstjerner av artane Pisaster og Raceus i eit konkret område. Veldig raskt endra heile økosystemet seg fundamentalt. Byttedyret til sjøstjernene, havskjel (ein type krepsdyr) og blåskjel, byrja å formeire seg over heile området når ingen heldt dei i sjakk. Resultatet var at alle andre artar i systemet vart fortrengde.

Tangbeltet forsvann og med tanga forsvann alle dyra som levde på det: kråkebollar, sjøsniglar og skjel.

Det vart openbert at Pisaster var ein nøkkelart i systemet. Dermed var eit nytt konsept i vitskapen fødd. Paines oppdaging er ein av dei viktigaste nokosinne innan økologi, og nye analysar om emnet blir publiserte årleg.

Men korleis identifiserer ein kva som er nøkkelartar?

Der elefantane blir borte, blir vegetasjonen endra radikalt, noko som igjen endrar faunaen. Omvendt, dersom elefantbestanden i eit område veks raskt, vil det også skje store endringar, slik det gjorde i Tsavo nasjonalpark i Kenya på 1960-talet. Her ein elefant på beite i Masai Mara-naturreservatet i Kenya. Foto: Pål Nordby / NTB / NPK

Kva vil skje?

– Det er viktig å finne ut kva som vil skje dersom ein art forsvinn frå økosystemet, understrekar Ebenhard.

Typiske døme på ekstremt viktige nøkkelartar er dei to afrikanske elefantane, savanne-elefanten og skogselefanten.

Der elefantane blir borte, blir vegetasjonen endra radikalt, noko som igjen endrar faunaen. Omvendt, dersom elefantbestanden i eit område veks raskt, vil det også skje store endringar, slik det gjorde i Tsavo nasjonalpark i Kenya på 1960-talet.

Elefantane beita ned vegetasjonen i parken, tre og buskar vart tynna ut og vart erstatta av opne graslettar. Kuduen, ei lauvetande antilope, vart sjeldnare, medan bestandane av grasetande dyr som bøflar og sebra voks – noko som igjen førte til at bestanden av løver auka.

Det å bevare elefantar, som er ein trua dyreart, blir dermed viktig for å bevare ei rekkje andre artar og har konsekvensar for det innbyrdes forholdet mellom dyra.

Lamaer og tigrar

Vanlegvis er det snakk om ulike kategoriar av nøkkelartar. Vi har dei såkalla systemingeniørane, artane som modifiserer miljøet og næringsgrunnlaget for andre artar. Elefantane er ingeniørar, det same er beverane.

Ein annan kategori er byttedyr som det kan vere store mengder av, til dømes krilen i Antarktis. Dei små krepsdyra finst i svært store mengder og fungerer som basisføde for kval, sel og pingvinar. Viss krilen forsvann, ville heile systemet kollapse.

Lemen, som er mat for ei lang rekkje rovfuglar og rovpattedyr, er også identifisert som ein nøkkelart.

– Lemen har mykje å seie for artar lenger opp i næringskjeda, men det er uvisst kva som er viktigast for systemet – lemen eller plantane dei et, seier Ebenhard.

– Lemen har mykje å seie for artar lenger opp i næringskjeda, men det er uvisst kva som er viktigast for systemet – lemena eller plantane dei et. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Tigrar, løver og ulv er ein tredje kategori, rovdyra. Dei kan nokre gonger kontrollere talet på byttedyr, til dømes gjeld det ulvane i enkelte område av Nord-Amerika. Talet på byttedyr påverkar igjen vegetasjon og mindre dyreartar.

Gran er ein nøkkelart

Pollinatorane er ein annan kategori, dei såkalla mutualistane, artar som gagnar kvarandre. I denne kategorien kan ein finne både insekt, fuglar og flaggermus. Dei er avhengige av blomstrande plantar, som igjen er heilt avhengige av dei.

Nokre plantar utgjer sannsynlegvis ein eigen kategori.

Gran er heilt klart ein nøkkelart i land som Sverige og Noreg.

– Grana står for mykje og byggjer opp heile økosystemet over store område, seier Ebenhard.

Gran er ein nøkkelart i både Noreg og Sverige. Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Kva skal ein då seie om artar som ikkje er nøkkelartar? Er dei uviktige? Nei, men dei er mindre viktige for systemet. Ofte er dette artar som har nære slektningar som kan erstatte dei viss dei forsvinn, til dømes større og mindre skogmus, og mange av volummusene.

Kunnskapen om nøkkelartar har vorte viktig i arbeidet med restaurering av natur, der formålet er å attskape den opphavlege naturen. Det er fleire prosjekt i gang i Europa der ein prøver å innføre på nytt mange nøkkelartar som har forsvunne, til dømes bison, bever og gaupe.

Det er ei vanskeleg oppgåve, men håpet er at mykje av den delvis øydelagde naturen på kontinentet vårt skal få tilbake noko av den tidlegare stordommen – med dei fleste nøkkelartane på plass.


Austleg låglands-gorilla har hatt ein nedgong på 80 prosent mellom 1994 og 2019. Foto: Johnny Africa/Unsplash.