Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å kunne skape liv, truverd og personlegdom til ei rekke ulike karakterar, det å jobbe saman i team og kunne lære og inspirere kvarandre, og å jobbe i eit kreativt miljø og få jobbe med mange flinke menneske med mange spennande idear.

Sondre Johre (29) svarar på kva som er det beste med jobben som animatør.

– Eg likar også når eg kjem i ein god flyt og sonar ut med arbeidet mitt. Då kan timar kjennest ut som minuttar og det er då eg kosar meg mest med arbeidet mitt, skriv han på e-post til Framtida.no.

Sondre Johre har mellom anna vore med å lage Folk og røvere i Kardemomme By:

Alltid vore interessert i teiknefilm

Johre studerte først på Idefagskolen og jobba som animatør for Rock Pocket Games i Tønsberg, så tok han bachelor i animasjon på Høgskulen i Volda. Det var via skulen at han fekk praksisplass og deretter vart tilsett hos Qvisten, der han jobbar i dag.

Han starta opp i februar 2021, og byrja rett på heimekontor og koronatid.

Dette var ganske utfordrande då mykje var nytt og alt eg lurte på måtte forklarast via chat eller Google Meet. Men alt i alt gjekk det fint og eg følte eg kom fort inn i det. Sjølve arbeidet gjekk fint å gjere heimanfrå, men eg sakna sjølvsagt å prate med kollegaar og bli ordentleg kjend med dei eg jobba med.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Eg har alltid hatt ei stor interesse for teiknefilm og byrja tidleg å lage mine eigne animasjonar. Det starta med enkle strekmenn som eg fekk til å bevege seg over skjermen og har over tid gått over til meir avanserte program og figurar. Uavhengig av kva stil eller kva verktøy eg brukar er det lysten til å skape og fortelje som er grunnen til at eg har vald dette yrket.

– Like mykje hobby som jobb

Han fortel at yrket heilt klart har levd opp til forventingane han hadde, og at han får jobbe saman men ekstremt dyktige folk med same interesser.

– For meg er det like mykje ein hobby som ein jobb og det gjer at det veldig lett å engasjere seg i arbeidet.

Likevel er arbeidet veldig tidkrevjande og pirkete. I tillegg er animasjon også veldig lite tilgivande.

– Særleg i 3D-animasjon kan karakterane fort sjå mekaniske og livlause ut om ein ikkje legg ned nok arbeid. Ofte er det vanskeleg å sjå kva som er gale med ein animasjon og ein bør av og til legge det litt frå seg for å kunne sjå det med nye augo, noko som funkar dårleg når ein har ein deadline.

Ein vanleg arbeidsdag kan starte med at han får utdelt ein sekvens han skal animere og får forklart av regissøren kva som skal skje. Deretter filmar han seg sjølv og brukar dette som ein referanse for det han skal animere. Når referansen er godkjent kan han starte på sjølve animasjonen.

Det kan ta fleire dagar å animere nokre få sekund, så mesteparten av tida vert brukt i fullt fokus framfor skjermen.

Johre har mellom anna vore med på å lage KuToppen 3 som snart kjem på kino:

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja, det vil eg seie. Eg lærte programma og teknikkane som også blir brukt på Qvisten. Eg fekk også høve til å teste og eksperimentere med ulike teknikkar for å finne ut av kva eg ville spesialisere meg innanfor. Begge skulane eg gjekk på hadde også mange kontaktar i bransjen og gav oss høve for praksisplass.

Han meiner at det skulen ikkje førebur deg på er det høge tempoet og eit større fokus på å produsere, meir enn å eksperimentere.

– Eg er glad for at dette skiljet er der og justeringa over til arbeidslivet vert best lært gjennom erfaring.

Veldig mykje tanke og planlegging ligg bak

Ei vanleg feiloppfatting om yrket trur han kan vere at det ser ut som ganske lett arbeid, noko det absolutt ikkje er.

– Eg trur mange tenker at PC-en gjer det meste av arbeidet for deg, men den fungerer meir som eit verktøy for å gjere oppgåvene litt raskare og enklare.

Ein tenker kanskje at det berre er å bevege karakteren i takt med lyden, men det ligg veldig mykje teori bak korleis ein får ein animasjon til å sjå appellerande ut, fortel han.

– Ein må også tenke nøye over kva karakteren prøver å formidle og posere karakteren deretter og samstundes passe på at poseringane ser truverdige ut. Veldig mykje tanke og planlegging ligg bak kvar einaste rørsle som ein sikkert ikkje tenker over med mindre ein har prøvd å animere sjølv.

Johre seier at yrket passar for ein som likar å vere kreativ, har mykje tolmod og er glad i detaljar. Ein bør like å fokusere på ei oppgåve over lengre tid, vere glad i skodespel og film, ha interesse for historieforteljing og vere glad i å skape ting.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Først og fremst å ha det gøy med jobben ein gjer, då trur eg ein arbeider betre og ein lærer fortare. Og å finne ut av kva ein vil jobbe med innanfor animasjon, då det finst mange ulike roller å velje mellom, anten om ein vil spesialisere seg innanfor eitt felt eller bli generalist.

Utruleg å sjå resultatet

Det mest utrulege med jobben synest han er å få sjå det ferdige resultatet på storskjermen.

– Det er mange problem som må løysast og mykje hardt arbeid som går inn i ein animasjonsfilm, så det at ein i det heile tatt kjem i mål til slutt følast ganske utruleg i seg sjølv.

For framtida håpar han å heile tida utvikle seg som karakteranimatør, men også prøve seg på andre område innanfor animasjon, som modellering og rigging, for å bli meir allsidig.

– Både for å kunne variere arbeidsoppgåver og bygge opp ei større forståing av alle ledd i produksjonen. Eg vil også halde fram å vere med på spanande prosjekt som ein kan vere stolt av i ettertid.


Foto: Marit M. Simonsen via SNL/CC BY NC SA 3.0, Privat.

Sondre Johre

Alder: 29

Frå: Asker

Yrke: Animatør

Utdanning: 2 år i 2D design og animasjon på Idefagskolen. Bachelor i animasjon på Høgskulen i Volda.