Vekas viktigaste: Politivald, matprisar og åtak mellom Israel og Palestina

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire åtak mellom Israel og Palestina

Kunst på muren ved Gaza.

Frå muren som skil Gazastripa frå Israel. Illustrasjonsfoto: Jakob Rubner on Unsplash

I januar vart Benjamin Netanyahu statsminister ved å alliere seg med svært nasjonalistiske parti for å danne ei regjering. Denne regjeringa vedtok fleire straffetiltak mot palestinarar, etter palestinarane bad FN om å granske israelsk okkupasjon av palestinske område.

Den siste veka har vore prega av åtak og motåtak mellom Israel og Palestina.

Torsdag førre veke drap israelske soldatar fleire palestinarar i ein flyktningleir på Vestbreidda, eit palestinsk område som er okkupert av Israel. Det vart følgt av at palestinarar gjekk til rakettåtak mot Israel frå Gazastripa, eit avgrensa område som har palestinsk sjølvstyre. Det israelske luftforsvaret skaut ned rakettane, og ingen vart skada eller drepne i åtaket.

Israel kom så med motåtak mot palestinske militære treningssenter, utført med dronar som skaut rakettar. Sju israelarar vart seinare drepne av ein palestinsk mann og fleire vart såra i ei skyting i austlege Jerusalem. Gjerningspersonen vart drepen av israelsk politi, fleire vart arrestert, og familien til gjerningspersonen vart straffa.

Natt til torsdag utførte Israel endå eit luftåtak mot Gazastripa. Nokre timar tidlegare skal dei ha avskore ein rakett frå Gazastripa, som aldri landa på israelsk jord.

Norske UD har varsla nordmenn i Israel og palestinske område om ein forverra tryggleikssituasjon.


Auka prisar på mat

Foto: Kiwi

Onsdag 1. februar gjekk prisen på fleire matvarer i forskjellige butikkar opp.

To dagar i året, 1. februar og 1. juli, kan daglegvarebutikkane justere opp prisane på matvarer for å dekke auka utgifter frå leverandørar. Det siste halvåret har vore prega av høgare prisar på fleire tenester, og fleire butikkar varsla at maten kom til å bli dyrare.

Ifølgje VG sin matbørs har kjeder som Rema 1000 og Coop Extra auka prisane om lag ti prosent. Samstundes er Kiwi er ein av dei som held litt igjen på prisauken. Det kan føre til at auka ikkje blir like høg som venta.


Tyre Nichols vart banka til døde av politi i USA

Mora til Tyre Nchols, RowVaughn Wells, taler i gravølet til sonen sin. Til venstre står Al Sharpton, og til høgre står mannen hennar Rodney Wells.

Mora til Tyre Nchols, RowVaughn Wells, taler i gravølet til sonen sin. Til venstre står Al Sharpton, og til høgre står mannen hennar Rodney Wells. Foto: Andrew Nelles/The Tennessean via AP, Pool)

Førre veke vart det offentleggjort ein video der svarte politifolk banka opp ein svart 29-årig mann, Tyre Nichols, i Memphis, som seinare døde av skadane. Onsdag vart Nichols gravlagt med fleire viktige personar til stade, i tillegg til familie og venar. Borgarrettsforkjempar Al Sharpton heldt blant anna minneordet, og visepresident Kamala Harris var til stades.

Drapet på Nichols er ei av dei siste hendingane som har utløyst fleire demonstrasjonar mot politivald USA. Til no er sju politifolk permitterte. Dei fem som banka opp Nichols er sparka og sikta for drap. I tillegg er ein kvit politimann som drog Nichols ut av bilen sin permittert. Den siste permitterte politibetjenten veit vi lite om. Tre brannfolk er også sparka for å ikkje ha gitt god nok helsehjelp på staden.

Fleire politikarar vil no ha endringar i politiet i USA. Det vart starta eit arbeid med politireform etter George Floyd vart drepen av politiet i 2020, men det forhandlingane gjekk i stå mellom demokratar og republikanarar i 2021.

I 2022 vart rekordmange drepne av amerikansk politi, med minst 1176 som mista livet.


Astrid Uhrenholdt Jacobsen sitt innlegg til IOC har fått kritikk

Dei olympiske ringane i Atlanta Georgia

Illustrasjonsfoto: Photo by Bryan Turner on Unsplash

Den internasjonale olympiske komitéen (IOC) hevda onsdag førre veke at eit fleirtal av utøvarane ynskjer at Russland og Belarus skal sleppe inn att til internasjonale konkurransar. Desse landa er no utestengde på grunn av krigen i Ukraina.

Tidlegare langrennsløpar og leiar i den norske utøvarkomitéen, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, seier ho sjølv ikkje var samd i dette vedtaket. Likevel har ho fått kritikk for måten ho tok ordet i eit møte med IOC. Der sa ho blant anna at idrett skal vere ein samlande kraft, og at ingen utøvarar bør bli ekskludert på grunn av passet sitt.

Jacobsen fekk reaksjonar på at ho talte på vegner av utøvarkomitéen, utan at dei godkjente det ho sa. Det kan ha gitt inntrykk av at norske utøvarar synest det er greitt at russarar og belarusarar deltek i internasjonale sportsarrangement før Russland har trekt seg ut av Ukraina.

Jacobsen er også medlem i IOC sin utøvarkommisjon. Denne hendinga har løfta ein diskusjon om at det er for mange dobbeltroller i norsk idrettspolitikk, og om norsk idrett er uavhengig frå den olympiske komitéen. Ifølgje NRK er dette noko som vart teke opp i Norges Idrettsforbund allereie i 2019, men det vart ikkje følgt skikkeleg opp.


Justisministeren hadde TikTok på tenestetelefonen sin

Justisminister Emilie Enger Mehl. Foto: Rune Kongsro/Justis- og beredskapsdepartementet

Emilie Enger Mehl (Sp) har innrømma at ho hadde TikTok på sin ugraderte tenestetelefon. Det er ein telefon ho har brukt i jobbsamanheng, men som også kan brukast privat. Ein ugradert telefon har ikkje dei same verna på plass som ein gradert telefon, og skal difor ikkje ha like mykje hemmeleg informasjon som ein gradert telefon.

Justis- og beredskapsministeren har tidlegare blitt kritisert for å bruke den kinesiske appen, som fleire reknar som ein tryggleiksrisiko. Mehl seier til TV2 at ho diskuterte med andre departement og sette seg inn i reglane for bruk av tenestelefonane før ho lasta ned appen.

Etter ho fekk spørsmål rundt TikTok-kontoen sin, flytta ho bruken i oktober over på ein annan mobil som ikkje var ein tenestetelefon.


✨Vekas lyspunkt✨: Australia skal heidre urfolk på pengesetlane

Fram til no har dronning Elizabeth II pryda den australske 5-dollaren. Sentralbanken har no bestemt, i samråd med regjeringa, at dei vil fjerne den britiske monarken frå setelen.

I staden skal han få eit motiv som heidrar landets urfolkskultur- og historie.

Banken vil rådføre seg med urbefolkninga når dei lagar designet til den nye pengesetelen.


Hugsar du kva som skjedde førre veke?

  • Les også:

Vekas viktigaste: Ny statsminister i New Zealand, kuldebølgje i Afghanistan og Nato-søknaden til Sverige