Australia skrotar kongen

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv den australske sentralbanken i ei pressemelding.

Fram til no har dronning Elizabeth II pryda den australske 5-dollaren. Sentralbanken har no bestemt, i samråd med regjeringa, at dei vil fjerne den britiske monarken frå setelen.

I staden skal han få eit motiv som heidrar landets urfolkskultur- og historie.

Det var NTB som først melde om saka i Noreg.

– Ein stor siger

– Dette er ein stor siger for grasrota, for urfolk som har kjempa for å avkolonisere dette landet, seier senator Lidia Thorpe. Ho er sjølv aborigin.

«First Nations» er urfolk-grupper i Australia. Desse kan spore si historie i landet til minst 65 000 år før britane koloniserte området, ifølgje BBC.

Banken vil rådføre seg med urbefolkninga når dei lagar designet til den nye pengesetelen. Dei opplyser at det vil ta fleire år før han vil vere i bruk, og fram til det vil pengar med dronning Elizabeth bli produserte. Fleire av pengane har allereie element frå urfolkskultur.

Etterlengta

Framtida.no har tidlegare skrive om australiarar som tok til orde for at ein australsk nasjonalhelt skulle få plass i innbyggjarane sine lommebøker etter at kong Charles vart nytt statsoverhovud.

Allereie for seks år sidan oppretta australiarar ein underskriftskampanje for å få krokodillejeger Steve Irwin på den australske dollaren. Då skreiv over 30 000 under. No er det altså klart at han ikkje får den æra, i alle fall ikkje på 5-dollaren.

Om kong Charles blir skuffa over å ikkje få andletet sitt på ein australsk setel, kan han trøyste seg med at han uansett vil pryde australske myntar, og det allereie i år.


Illustrasjonsfoto frå parlamentet i New Zealand. Foto: Parliamentary Service