Vekas viktigaste: Ny statsminister i New Zealand, kuldebølgje i Afghanistan og Nato-søknaden til Sverige

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tyrkia vil ikkje at Sverige blir Nato-medlem etter koranbrenning

Ulf Kristersson og Jens Stoltenberg på pressekonferanse framfor eit svensk flagg og eit nato-flagg.

Frå 20. oktober då den nyvalde svenske statsministeren Ulf Kristersson møtte generalsekretær Jens Stoltenberg for å prate om Nato-søknaden. Foto: Nato via Flickr, CC BY-NC-ND 2.0

Laurdag førre veke under ein demonstrasjon brente den høgreekstreme politikaren Rasmus Paludan ein koran utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm. Tyrkiske styresmakter hadde på førehand bede Sverige om å stanse brenninga, noko Sverige ikkje gjorde.

Tyrkia er det einaste landet i den militære alliansen Nato som ikkje har gått god for Sverige sin søknad om å bli medlem.

Det at Sverige nekta å stoppe koranbrenninga, fordi det fell innanfor retten til ytringsfridom i Sverige, kan gjere at Tyrkia kjem til å fortsette å blokkere søknaden til Nato.

Tidlegare har Tyrkia også bede om å få utlevert kurdarar som har søkt asyl i Sverige frå Tyrkia, mot at dei skulle godkjenne søknaden. Dette gjekk ikkje Sverige med på. Finland har originalt sendt søknad om medlemskap i Nato saman med Sverige, men opnar no for å søke utan Sverige.

Landa vil inn i Nato på grunn av nærleiken til Russland, og dei vil ikkje stå utan militær hjelp dersom landet vel å gå til åtak på fleire land enn Ukraina.

Fleire land sender stridsvogner til Ukraina

Leopard 2 stridsvogner frå Tyskland, som er ei av typane Ukraina får tilsendt. Foto: Fric.matej, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Ukraina har i lengre tid bede andre land om å sende stridsvogner for å støtte krigen mot Russland. Dei har klart å erobre fleire stridsvogner frå Russland sidan krigen starta, men dei fleste er eldre og laga i Sovjetunionen. No har fleire land sagt ja til å sende stridsvogner.

Dette er landa som har sagt ja til, eller vurderer å sende stridsvogner, ifølgje NRK og Aftenposten:

  • Polen skal sende 14 stridsvogner.
  • Tyskland skal sende 14 stridsvogner. Talet kan bli auka til 100.
  • USA skal sende 31 stridsvogner.
  • Storbritannia skal sende 14 stridsvogner.
  • Noreg skal sende stridsvogner, talet er ikkje avklara.
  • Nederland vurderer å sende stridsvogner.
  • Spania vurderer å sende stridsvogner.
  • Sverige har opna for å sende stridsvogner seinare.
  • Frankrike har sendt lettare pansra køyretøy, og vurderer å sende stridsvogner.

Det vil ta tid før dei lova stridsvognene er på plass i Ukraina. Vognene må fraktast til landet og soldatane må få opplæring i korleis dei skal bruke dei.

Noreg opnar for å leite etter olje over eit større område

Natur og Ungdom demonstrerte utanfor Olje- og energidepartementet i samband med utlysinga av nye leitelisensar. Foto: Rasmus Berg/NU

Den norske regjeringa har opna for at 92 såkalla blokkar kan inkluderast i TFO-ordninga, eller «Tildeling av Forhåndsbestemte Områder». Desse førehandsbestemte områda er område der samansettinga av geologi er godt kjent, fordi det har vore utvinning av olje og gass i nærleiken frå før.

Vanlegvis må selskap få konsesjon for å leite etter olje og gass i nye område. I  statsbudsjettet fekk SV gjennomslag på å utsette ei ny konsesjonsrunde. Med TFO-ordninga treng selskapa derimot ikkje å få ny konsesjon, fordi området allereie er rekna som kjent.

Når regjeringa inkluderer fleire blokkar i TFO-ordninga, gir det selskap eit større område å leite etter olje. Nokre meiner det er feil bruk av ordninga. SV seier det er eit brot på konsesjonsstoppen dei fekk forhandla fram i samband med statsbudsjettet. Det får dei støtte i frå blant anna Naturvernforbundet, WWF og Natur og Ungdom.

Over 150 personar har fryst i hel i Afghanistan

Afghanistan opplever sin kaldaste vinter på lang tid. Her frå Kabul i fjor. Illustrasjonsfoto: Mohammad Mehdi Rezai via Unsplash

I Afghanistan har det vore ei kuldebølgje som har drepe minst 157 personar. I tillegg har ein buskap på over 70 000 dyr også frose i hel. Dette er den verste kulda landet har opplevd på eit tiår. På denne tida av året ligg snittemperaturen i landet på mellom null og fem gradar celsius. På det kaldaste har det no vore minus 28 gradar celsius.

Folk som bur i fjellområda er særleg utsette, sidan snøen gjer det vanskeleg å kome fram til dei.

Situasjonen er ekstra ille fordi folk har avgrensa tilgang på hjelpetiltak. I slutten av desember trekte hjelpeorganisasjonar seg ut av landet. Det var ein respons på Taliban sitt arbeidsforbod mot kvinner i ikkje-statlege jobbar.

Førebels er det ingenting som tyder på at forbodet blir trekt tilbake. Fungerande statsminister og Taliban-leiar Mohammad Hassan Akhund har sagt til BBC at forbodet ikkje blir fjerna, og at dei har menn som allereie er i gang med hjelpearbeidet.

New Zealand får ny statsminister

New Zealand sin guvernør Cindy Kiro signerer papira så Chris Hipkins blir statsminister. Foto: New Zealand Government, Office of the Governor-General, CC BY 4.0

Chris Hipkins tek over som statsminister i New Zealand etter at Jacinda Ardern gjekk av. Ardern gav førre veke beskjed om at ho gav seg som statsminister, etter å ha leia landet sidan oktober 2017. Som 37-åring vart ho då den yngste kvinnelege statsleiaren i verda.

Ardern seier ho skal bruke meir tid med familien og gifte seg no som ho er ferdig som statsminister.

Akkurat no er det landets arbeidarparti som har fleirtal i parlamentet og som styrer regjeringa. Etterfølgjaren til Ardern, Chris Hipkins, kjem difor også frå arbeidarpartiet.

New Zealand skal ha eit nytt nasjonalval i oktober.


✨Vekas lyspunkt✨: Oscar-nominasjon av norsk kortfilm

Oscarstatuett

Oscarstatuett. Illustrasjonsfoto: Photo by Mirko Fabian on Unsplash

Den norske kortfilmen «Nattrikken» vart prisnominert denne veka til Oscar. Det er fyrste gong ein norsk film er nominert innan denne sjangeren. Filmen har allereie vunne prisen «Best Narrative Short» på Tribeca Film Festival i New York fjor.

«Nattrikken» er regissert av Eirik Tveiten og produsert av Heidi Arnersen for produksjonsselskapet Cylinder.


Fekk du med deg det som skjedde førre veke?

  • Les også:

Vekas viktigaste: Helikopterstyrt, dokumenttrøbbel og verdas eldste runestein