«Kvinnelege afghanske studentar må få støtte no»

Hector Ulloa
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I desember i fjor forbaud Taliban-regimet alle kvinner frå universitet i Afghanistan. Og då hadde dei allereie bestemt at jenter ikkje skulle få tilgang til vidaregåande opplæring.

Likevel ser det ut til at det internasjonale samfunnet tolmodig ventar på at dei plutseleg skal innfri sine falske løfte om å beskytte kvinner sin rett til utdanning.

Det er eit tolmod som går hardt utover afghanske kvinner.

Øydelegg landet for å behalde makta

Rundt om i verda ser vi liknande trendar frå autoritære regime som systematisk undergrev kunnskap og øydelegg kritisk tenking ved å avgrense tilgangen folket har til utdanning.

Dette er basert på deira ønske om å behalde makta så lenge som mogeleg, sidan eit uutdanna folk er enklare å kontrollere.

Desse avgjerslene er også ei oppskrift på å mislukkast. Rasering av høgare utdanningsinstitusjonar i land som Afghanistan vil få store konsekvensar også på lang sikt.

Alle desse landa vil trenge ei velutdanna befolkning – både menn og kvinner – for å kunne ha noko håp om økonomisk utvikling eller å levere grunnleggjande tenester til folket.

Stipend og studentvisum

Utdanning er ikkje berre ein nødvendig reiskap for å oppnå utvikling, det er også ein menneskerett.

Anten det gjeld studentaktivistar over heile verda som risikerer livet for demokrati, eller kvinner i Afghanistan som vert nekta utdanning på grunn av kjønnsbasert diskriminering.

Å støtte deira kamp, er å kjempe for grunnleggjande menneskerettar. Den norske regjeringa bør snarast slutte seg til andre land, som no finn nye løysingar for å gjere nettopp det.

Den tyske regjeringa etablerte nyleg eit stipendprogram for afghanske kvinner som flykta frå Taliban si undertrykking til nabolanda Bangladesh, Kirgisistan eller Pakistan. Eit døme til etterfølging.

Noreg kan om Noreg vil

Fleire tiltak kan og må verte brukte for å sikre rett til utdanning. Noreg kan gjerne bruke sine ferske erfaringar med å ta imot ukrainske studentar etter Russlands invasjon i fjor.

Då viste høgare utdanningsinstitusjonar at det var mogeleg å absorbere studentar gjennom ekstraordinært opptak, med stipend, og dei etablerte til og med raskt språkkurs for å sikre deira akademiske suksess.

På same måte bør regjeringa gje universitet i Noreg mogelegheit til å støtte afghanske kvinners rettar til høgare utdanning.

Vi veit at Noreg har kapasitet til det – det har vorte gjort før for andre – men det trengst politisk vilje til å gjere ei tydeleg prioritering av støtta til afghanske jenter og kvinner og deira rett til utdanning.

Vil vi støtte dei, er tida for å handle no.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Malala Yousafzai fotografert under HISTORYTalks i Washington i september 2022. Foto: AP Photo/Nathan Howard)