Politikk og samfunn

«Den såkalla «rusreforma» er oppskrifta på overdose»

– Det er på høg tid at regjeringa innser at rusmisbrukarar treng hjelp, ikkje straff, skriv Delia Marie Bakken Hansen.

Delia Marie Bakken Hansen (16)
Styremedlem i Innlandet Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fredag 25. oktober la regjeringa fram sitt forslag til ny rusreform. Eg skjønar ikkje korleis dei kan kalla dette ei rusreform, for i mine auge er dette meir eller mindre ei oppskrift på høge overdosetal.

Eg har sjølv ei mor som arbeider i rusomsorga, og har sidan eg var liten delt hennar frustrasjon over måten rusfeltet blir nedprioritert på. Både eg og mor mi vart svært skuffa då forslaget frå regjeringa kom, og vi kunne sjå at nedprioriteringa held fram.

I den nye reforma har dei føreslått fleire brukarrom, men dei kan ikkje garantere fleire plassar i rusbehandling. Dei held framleis fast på totalforbodet mot narkotika, og brukarane blir framleis møtte med straff.

quote-left

Regjeringa er nøydd til å innsjå at rusproblem må behandlast som ein helsetilstand, og ikkje som ei kriminell handling.

quote-right

Då regjeringa stemte ned Venstre og Solberg-regjeringa si rusreform i 2021, lova dei at dei skulle koma med eit nytt forslag. Sidan då har rundt 1000 menneske mista livet sitt til rus. Det nådde toppen i 2023 då overdosetalet var på 363, som er det høgaste talet på narkotikautløyste dødsfall i Noreg sidan 2001. For å setje det i perspektiv, er dette nesten éin person om dagen i eit heilt år.

Stigmaet rundt rusavhengnad gjer det vanskeleg å søkje hjelp, og fleire av desse dødsfalla har skjedd fordi folk ikkje tør å ringe etter hjelp i kritiske situasjonar på grunn av frykta for straff. Regjeringa er nøydd til å innsjå at rusproblem må behandlast som ein helsetilstand, og ikkje som ei kriminell handling.

Regjeringa har varsla at før påske 2025 skal det koma eit eige lovforslag berre om straff for rus. Eg fryktar at dersom dette lovforslaget går same vegen som reforma, vil det bidra til at fleire ikkje tør å ringe etter hjelp, og at fleire narkotikautløyste dødsfall vil skje, fordi frykta for straff er større enn frykta for eige liv og helse.

quote-left

Sei meg, korleis skal ein kunne hjelpe dei rusavhengige dersom ein ikkje har eit behandlingstilbod?

quote-right

Sidan Ap og Sp kom til makta i 2021, har dei lagt ned fleire behandlingsplassar, og dei planlegg heller ikkje å bruke pengar på fleire plassar i rusbehandlinga. Sei meg, korleis skal ein kunne hjelpe dei rusavhengige dersom ein ikkje har eit behandlingstilbod? Eitt av dei største problema er nettopp at det ikkje er nok behandlingsplassar og støtteapparat for dei som slit med rusavhengnad. Fleire av dei som er rusavhengige, er i ein svært sårbar situasjon og har behov for omfattande hjelp. Utan tilstrekkeleg behandlingstilbod er det vanskeleg å tru at folk faktisk får den hjelpa dei treng.

Regjeringa har ikkje handla raskt nok, overdosetala har nådd ein topp, og vi er nøydde til å snu skuta i ei anna retning. Politikarane må sjå på rusproblematikken på ein menneskeleg måte, og heller fokusere på helse og omsorg enn på straff og stigmatisering. Det er på høg tid at regjeringa innser at rusmisbrukarar treng hjelp, ikkje straff.