Studentar vel bort norskfaget – klarte ikkje fylle studieplassane

Studentar vel bort både lektorprogrammet i nordisk og nordisk språk og litteratur. Ved Universitetet i Bergen har alarmklokkene gått.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2022 var det færre førstevalsøkjarar enn studieplassar til lektorprogrammet i nordisk både ved NTNU og Universitetet i Bergen, skriv Khrono.

Totalt var det 51 søkjarar til 83 studieplassar.

Anders Fagerjord er instituttleiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB. Foto: UiB

– Det som fekk alarmklokkene til å ringje, var at vi i fjor for første gong ikkje klarte å fylle studieplassane på lektorprogrammet i nordisk. Og til bachelorprogrammet vårt hadde vi berre seks søkjarar.

Det seier Anders Fagerjord, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen.

– Vi har altså hatt ein veldig nedgang. Dette er noko som har gått litt under radaren, seier Fagerjord.

Nedgang også andre stadar

I tillegg går søkjartalet til disiplinfaget nordisk ned, ifølgje tal Khrono har henta frå Samordna opptak. Ser ein på dei som har dette studiet som førsteval, er under halvpartane av plassane tekne.

Ved Universitetet i Oslo går det bra med lektorprogrammet, men ved disiplinfaget nordisk er berre 26 av 62 plassar fylte opp, opplyser instituttleiar Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar.

På Universitetet i Søraust-Noreg har søkjartala til lektorutdanninga gått ned dei siste fem åra. Disiplinfaget har no nullopptak.


Les også: Ungdomsskulereforma: Svenneby opnar for å droppa karakterar første ungdomsskuleåret

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Foto: Unge Høyres Landsforbund