Rekordmange studium i årets Samordna opptak
Samordna opptak har opna for søkjarar. Dei kan velje mellom over 1.800 studium ved fagskular, høgskular og universitet. Nær 76.000 studieplassar blir tilbodne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Aldri før har søkjarane hatt så mange studium å velje mellom. Det store talet på studieplassar og variasjonen som blir tilboden hos institusjonane, gir søkjarane gode valmoglegheiter.
Det seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, i ei pressemelding.
Ved universitet og høgskular i Noreg er det nesten 63.000 studieplassar fordelte på over 1.300 studiar.
– Det mest gledelege er auken i talet på studieplassar. Det gir grunnlag for at fleire enn nokon gong kan få oppfylt draumen om å ta høgare utdanning, og kan bidra med kompetanse som samfunnet treng, seier Skule.
- Les også meiningsinnlegget: «Om realfag kan vere vanskeleg? Ja. Om realfag kan ta tid? Definitivt. Er realfag likevel verdt det? Så absolutt»
62 nye fagskuletilbod
Viss ein ønskjer høgare yrkesfagleg utdanning på fagskule, er det i år nesten 500 studiar å velje mellom, inkludert 62 heilt nye, fordelt på 24 fagskular.
Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på yrkeskompetanse, studiekompetanse eller realkompetanse. Utdanningane varer normalt mellom eit halvt og to år.
– Arbeidslivet roper etter fleire med fag- og yrkeskompetanse, seier Skule.