Søksmålet om Førdefjorden til retten i september
Striden om gruvedumping i Førdefjorden i Sunnfjord kjem opp for Oslo tingrett 18. september.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har saksøkt staten for å ha gitt løyve til å dumpe opptil 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.
Dei to organisasjonane stemna staten i november, og førre veke kom tilsvaret til staten. Den 18. september kjem saka opp for Oslo tingrett, der det er sett av to veker til behandlinga, skriv Naturvernforbundet i ei pressemelding.
Noreg og Papa Ny-Guinea
– Det blir ei historisk rettssak. Vi kan ikkje tillate at ein av dei siste intakte vestlandsfjordane blir brukte som avfallsplass for gruveindustrien. I september tek vi saka til retten for å sikre rettsvern for Førdefjorden og annan sårbar natur, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, i pressemeldinga.

Gina Gylver fekk fornya tillit som leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom/Flickr
– Staten har brote gjeldande lovverk og tillate eit utdatert og veldig forureinande prosjekt. Det er no berre Noreg og Papua Ny-Guinea som tillèt ny gruvedumping i sjøen. Alle andre land har slutta, og det er det ein veldig god grunn til, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom.
Organisasjonane hevdar at løyva staten har gitt til gruveselskapet Nordic Mining om å drive ope dagbrot i Engebøfjellet, byggjer på feil forståing av to EU-direktiv, vassdirektivet og mineralavfallsdirektivet. Derfor er dei ugyldige. Det er advokatfirmaet CMS Kluge som skal føre saka for miljøorganisasjonane.