Rapport: Dei 1 prosent rikaste tener to tredelar av dei nye verdiane i verda

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Organisasjonen Oxfam publiserte den årlege forskjellsrapporten sin måndag, same dag som World Economic Forum (WEF) startar i Davos.

Dei aller rikaste har berre vorte rikare medan mange har slite med auka levekostnader som følgje av koronapandemien og deretter Russlands krigføring mot Ukraina, ifølgje rapporten.

27 milliardar kroner dagleg vekst

Oxfam-direktør Gabriela Bucher. Foto: OECDtax

Medan minst 1,7 milliardar menneske står i jobbar der prisane veks raskare enn lønningane, veks formuane til milliardærane med 2,7 milliardar dollar per dag, ifølgje Oxfam. Det svarer til knappe 27 milliardar kroner.

– Medan vanlege folk dagleg må ta tunge val om essensielle ting som mat, overgår dei superrike sine villaste draumar, seier Oxfam-direktør Gabriela Bucher.

– Etter to år ligg dette tiåret an til å bli det beste til no for milliardærane – som dei glade 20-åra for verdas rikaste, legg ho til.

Medan dei auka kostnadene er dårleg nytt for forbrukarane, har dei gjort at mat- og energiselskapa meir enn dobla inntektene i 2022. Dermed kunne dei betale ut 257 milliardar dollar til aksjonærane.

Tysk minister reagerer

Utviklinga er nøydd til å snu, meiner Tysklands utviklingsminister Svenja Schulze.

– Pandemiar, konfliktar og ikkje minst den russiske aggresjonskrigen, har ført oss fleire år bakover med tanke på fattigdom, svolt, helse og utdanning, samtidig som dei rikaste har vorte endå rikare, seier ho.

– Om vi ikkje reduserer forskjellen på globalt plan, vil vi ikkje klare å løyse dei krisene, legg ho til.

Laks, skipsfart, klede og mat: Dette er dei rikaste under 30 år