Medietilsynet: Halvparten av jentene mellom 13 og 14 år har vorte spurde om å dele nakenbilete

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

Ifølgje Medietilsynet er det vanlegaste at jenter får nakenbilete frå ukjende på internett.

– At så mange unge jenter opplever mas og press frå ukjende om å dele nakenbilete, er urovekkjande, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Ifølgje undersøkinga er talet langt lågare for gutar på same alder.

Undersøkinga viser at 47 prosent av jentene i aldersgruppa har vorte spurde om å sende nakenbilete, mot 20 prosent av gutane i same aldersgruppe.

Politiet registrerer auke

Politiet stadfestar at dei også har registrert ein auke i talet på barn som sel nakenbilete eller videoar av seg sjølv på internett dei siste åra. Vanlegvis tek barna bilete eller videoar av seg sjølv, som dei ofte deler på Snapchat.

– Vi vurderer det som sannsynleg at omfanget av kjøp og sal av nakenbilete og videoar av mindreårige kjem til å auke framover, seier avsnittsleiar Helge Haugland i Kripos.

Han oppmodar foreldre til å snakke med ungdommane sine om sal av nakenbilete og moglege konsekvensar, og ta kontakt med politiet dersom dei finn ut at noko straffbart har skjedd.


Tonje Nilsen er sentralstyremedlem i Unge Høgre. Foto: Unge Høgre