Norsk idrett set strøyming av breiddeidrett på pause etter MyGame-bråket

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det opplyser dei involverte forbunda i ei felles pressemelding.

– Idretten ønskjer å vere heilt trygge på at strøyming av breiddeidretten i aldersbestemte klassar skjer innanfor trygge rammer. Vi vil no gjere grundige undersøkingar av uavklarte spørsmål og risikoforhold, mellom anna det som er løfta fram i media den siste tida, seier generalsekretær Erik Langerud i Norges Håndballforbund.

Avgjerda er teken etter samtalar mellom dei involverte forbunda og partnarane fredag.

Det er Norges Håndballforbund, Norges Ishockeyforbund, Noregs Bandyforbund, Noregs Volleyballforbund, Noregs Basketballforbund, Norges Fotballforbund som deltek i prosjektet.

Må ha betre faktagrunnlag

I pressemeldinga heiter det at det fram til no har vore «ulike leverandører, lite koordinering og usikkerhet rundt håndteringen av personvern».

– Norsk ishockey har mange gode erfaringar med strøyming av breiddeidretten. Det er også viktig å ta inn i debatten dei positive effektane som auka engasjement og sportsleg utvikling gjennom nye digitale verktøy gir for breidda i norsk idrett, seier generalsekretær Ottar Eide i Norges Ishockeyforbund og held fram:

– Vi erkjenner likevel at vi må ha eit betre faktagrunnlag, slik at vi kan vere trygge på at strøyming kan gå føre seg i trygge rammer for dei unge sjølve. 


Kunstig intelligens kan hjelpe denne pjokken med å snakke med Google, men same reiskapen hjelper også Google med å få vite så mykje om brukarane sine at reklamen blir meir treffsikker. Foto: Gorm Kallestad / NTB