«Eg vil gjerne at andre skal høyre kor eg er frå»

Heidrun Stokke (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget var eit av dei som fekk heiderleg omtale av juryen i Framtida.no, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar.

Eg er stolt av dialekta mi. Ho har eg hatt store delar av livet mitt, og er med meg kor enn eg reiser i verda.

Personleg vil eg nok seie at det er ei av dei flottaste dialektene i Noreg. Kanskje fordi det var dialekta til sjølvaste Aasen? Dialektmangfaldet i Noreg er rikt, noko eg synest er særs bra.

Innimellom får eg høyre frå folk at eg har «ei fin dialekt», nokon har til og med
hevda det er «den finaste dialekta dei har høyrt». Dette gjer meg sjølvsagt glad, men kvifor vert eg eigentleg så glad av det? Har eg faktisk den finaste dialekta i Noreg?

Dialekta mi er frå Sunnmøre, altså ei vestlandsdialekt, og vert nok av ei del sett på som ei av dei mest norske dialektene. Ho liknar mykje på nynorsk, det er kanskje ikkje så rart, då Ivar Aasen sjølv vaks opp berre nokre kilometer frå der eg sjølv har vakse opp.

Sjølv om eg har budd heimanfrå i nesten fire år, held eg på dialekta mi og knotar ikkje særleg mykje. Eg vil gjerne at andre skal høyre kor eg er frå, og i nokre tilfelle snakkar eg til og med breiare enn kva eg ville gjort heime.

Sjølv er eg stolt av måten eg snakkar på og blir glad og opplever ofte at venene mine synest eg snakkar på ein fin eller artig måte. Det er ikkje så mange som har denne dialekta rundt om i Noreg, så eg føler på eit slags ansvar for å representere henne på ein god måte.

Noko eg er særs stolt over med dialekta mi er kj-lyden som vi uttalar svært tydeleg. I ord som «kjøken», «kjole», «kino» er det ein kraftfull lyd. Ikkje noko sj-lyd her altså!

Eg er òg glad i nokre av orda eg brukar, som «skodespelar» og «mykje». For ikkje å gløyme ord som «saud» og «haud», også kalla sau og hovud.

Ein kjenning sa ein gong «du har ei digg dialekt», dette sette meg litt ut, og har fått meg til å tenkje over korleis ein vert framstilt når ein snakkar dialekt. Har eg ei digg dialekt, eller sikta han meir meg som person? Eg har nemleg lært at haldningar til språk gjerne ikkje er knytt til dialekta i seg sjølv, men til assosiasjonar ein har til den dialekta, basert på kulturelle assosiasjonar.

Dialektbrukarar vert ofte oppfatta som gode språkbrukarar, noko eg gjerne vil stå fram som. Eg brukar dialekta mi med stoltheit og er glad for at eg har ei dialekt.

Nokre gonger verkar det som om andre opplever dialekta mi som morosam. Det er nok grunna nokre av måtane eg snakkar på. Eg kan seie at eg «har låkt i haudet», eller at eg har «haudeverk», det høyrest nok litt rart eller spesielt ut for nokon som ikkje seier det slik. Men eg synest det er viktig å bruke desse orda, slik at dei ikkje døyr ut.

Eigentleg skulle eg ønskje eg snakka endå breiare, og brukte ord som «åtgaum», «korkje» og «ymse» heilt naturleg i kvardagen.

Om eg har den flottaste dialekta i Noreg er eg ikkje sikker på, men eg er i alle fall ein særs stolt brukar av ho. Eg håper at eg i framtida kan sjå tilbake på livet mitt og tenke «eg har vore med på å sikre at sunnmørsdialekta ikkje døyr ut».

Målet må vere å bli hugsa som ein ivrig og viktig dialektbrukar ein gong i framtida. Eller kanskje eg vinn ein dialektpris?


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Marit Bersås (22) har austlandsdialekt sjølv om ho er oppvaksen mellom Nordmøre og Romsdal. Foto: Privat