Kommunar blir bedne om å sjekke kvaliteten på hyblar

Direktoratet for byggkvalitet vil at alle kommunane i landet skal ta eit krafttak for å sjekke at hyblar og utleigebustadar er gode nok.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Direktoratet sender i desse dagar ut brev til alle kommunane i landet med ei oppmoding om å bli med på ein nasjonal tilsynskampanje i 2023. Kampanjen inneber at kommunane sjekkar, gjerne på bakgrunn av tips eller varsel, at reglane er følgde når nokon har bygd hybel eller annan type utleigebustad.

I nokre byar og tettstader er det overskot av hyblar og andre type utleigebustader. Andre stadar er det så stort press på marknaden for utleigebustadar at fleire opplever å måtte ta til takke med låg kvalitet til ein høg pris.

– Stor pågang på utleigemarknaden er inga unnskyldning. Alle har rett på ein trygg bustad som oppfyller krava i byggteknisk forskrift, slik som godkjende rømmingsvegar, storleik på rom og andre forhold som rører ved inneklima, seier direktør i Direktoratet for byggkvalitet, Per-Arne Horne, i ei pressemelding.

Ekstra gir for studentane

Frå 1. januar 2022 bestemde regjeringa at kommunane skal prioritere å føre tilsyn med om hyblar eller leilegheiter er aktuelle og lovlege. Direktoratet vil no at kommunane i landet blir med på ein kampanje som set søkjelys på gode og trygge buforhold.

Målet er at fleire skal føre tilsyn med leilegheiter og hyblar, og at dei set inn eit ekstra gir tidleg på hausten 2023, når mange studentar igjen er på hybeljakt.

Direktoratet vil utover våren publisere rettleiingsmateriell og hjelpemiddel til bruk for kommunane, som skal gjere det enklare å føre tilsyn med leilegheiter og hyblar.


Som leigetakar er det viktig å kjenne rettane sine. Det kan potensielt spare deg for både pengar og bry. Foto: Bench Accounting/Unsplash