Årets helt, årets beste serie og årets høgdepunkt – ungdomsorganisasjonane om 2022

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomsorganisasjonane samanfattar 2022 – høgdepunkta, skuffelsane, låtane som gjekk på repeat og overskriftene dei drøymer om å sjå på trykk i 2023.


Europeisk Ungdom-leiar Kristine Meek Stokke

Kristine Meek Stokke er leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Privat

🏆 Årets helt: Volodymyr Zelenskyj, utan tvil.

📺 Serien eg koste meg mest med: Moon Knight (Marvel)

📽 Årets beste film: Top Gun Maverick.

📖 Beste boka eg las i år: Putin: Mannen uten ansikt, av Masha Gessen.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Non-Stop frå Hamilton.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Overveldende JA til norsk EU-medlemskap!»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– Kor sterkt Europa står saman. <3

– Kva har skuffa deg mest?

Regjeringa si handlingslamming overfor Ukraina og Europa i krisetider.

Kristine Meek Stokke sitt favorittminne frå 2022. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

Sommarleir med Europeisk Ungdom i Danmark med europearar frå heile kontinentet!

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– Må vel fort verte norsk EU-medlemskap det.


LNU-leiar Margrete Bjørge Katanasho

Landsrådet for Norges barne- og Ungdomsorganisasjoner (LNU)

Margrete Bjørge Katanasho er leiar i LNU. Foto: Sverre Øygarden Eikill

🏆 Årets helt: Høgsterett på New Zealand, som har landa på at det er aldersdiskriminering å ikkje late 16- og 17-åringar stemme.

📺 Serien eg koste meg mest med: The White Lotus.

📽 Årets beste film: Thomas mot Thomas.

📖 Beste boka eg las i år: Jeg lever et liv som ligner deres av Jan Grue.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Alt av Klossmajor!

📰 Draumeoverskrifta mi: «Grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane vert styrka med 100 millionar»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

Å møte alle dei fine folka i barne- og ungdomsorganisasjonane, som står på for at barn og unge skal få drive med det dei elskar, og er med på å gje barn og unge ei stemme i sakene dei bryr seg om! Det har vore både inspirerande og lærerikt, og eg føler meg heldig som får verte betre kjend med både organisasjonane og folka i dei (og eg gler meg ikkje minst til å verte kjend med endå fleire i 2023). 

– Kva har skuffa deg mest?

At det ikkje vart fleirtal for å gje 16- og 17-åringar stemmerett då Stortinget stemte over det i sommar. Trass i at vi har gode erfaringar med prøveforsøka med utvida stemmerett, og at vallovutvalet tilrår det, skjedde det altså ikkje denne gongen. Samstundes var vi historisk nære – aldri før har så mange stortingsrepresentantar stemt for! I LNU er vi optimistar, og håpar på gjennomslag neste gong! 

LNU-leiar Margrete Bjørge Katanasho sitt beste minne frå 2022. Foto: Sverre Øygarden Eikil

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Det var ganske stort å få tillit som ny LNU-leiar på Barne- og ungdomstinget i april.

– Kva er ditt største ønske for 2023?

At alle barn og unge skal ha gode mogelegheiter til å engasjere seg! For å få til det, må både den økonomiske støtta til barne- og ungdomsorganisasjonane verte auka og den unge den frivillige innsatsen få enklare og gratis tilgang til møtelokale. I tillegg må vi aktivt førebygge hets og hatefulle handlingar mot barn og unge som deltek i det offentlege ordskiftet.


Skeiv Ungdom-leiar Jane-Victorius Bonsaksen

Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv ungdom. Foto: Ingvild Eide Leirfall

🏆 Årets helt: Christine Marie Jentoft.

📺 Serien eg koste meg mest med: Our Flag Means Death.

📽 Årets beste film: Kanskje ikkje frå i år, men den årlege Ringenes Herre-maratonen. Extended edition, sjølvsagt.

📖 Beste boka eg las i år: A Psalm for the Wild Built av Becky Chambers.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Beyond Redemption av HIM.

📰Draumeoverskrifta mi: «Staten beklagar uforsvarleg behandling av transpersonar – kjem med økonomisk erstatning».

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– 2022 har bydd på mykje ulikt. Den tingen som har gledd meg mest det siste året er fokuset Skeivt Kulturår har bringa, og den anerkjenninga skeive liv og levekår har fått. Samstundes er det viktig at det ikkje forsvinn neste år – sjølv om det ikkje er skeivt kulturår lengre.

– Kva har skuffa deg mest?

– Om eg skal trekkje fram noko som ikkje har med masseskytinga i sommar å gjere, så er det saka mot Esben Esther. Det handlar om å ta frå transmiljøet ein av ressursane vi har som har bidrege mest til at vi kan leve gode liv som transpersonar, og som er eit av særs få alternativ me har til behandling utanfor Rikshospitalet.

– Her er skuffelsen òg at Rikshospitalet ikkje er under tilsyn, når dei har 90 pasientklagar på seg, medan Esben Esther står i fare for å miste autorisasjon trass i å ikkje ha pasientklagar (i alle fall ikkje som vi er kjende med).

Jane-Victorius Bonsaksen sitt favorittminne frå 2022 er at Skeiv Ungdom fekk Wenche Foss’ Ærespris. Foto: Marlen Ramstad/Skeiv Ungdom

– Kva er ditt største ønske for 2023? 

– At vi får ein tredje juridisk kjønnskategori, og eit forbod mot konverteringsterapi.


Press-leiar Isaac Elstad Røssnes

Isaac Elstad Røssnes er første nestleiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Privat

🏆 Årets helt: Mahsa Amini og alle dei andre som står opp for eigne rettar i Iran.

📺 Serien eg koste meg mest med: Extraordinary Attorney Woo.

📽 Årets beste film: Everything everywhere all at once.

📖 Beste boka eg las i år: Babel, or the Necessity of Violence av R.F. Kuang.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Stay Soft av Mitski (i alle fall ifølge Spotify Wrapped)

📰 Draumeoverskrifta mi: «Politiet startar etterforsking av barna som har forsvunne frå asylmottak»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk? 

– At eg vart vald som leiar i Press på landsmøtet vårt var definitivt eit høgdepunkt.

– Kva har skuffa deg mest? 

At ratifiseringa av FNs Barnekonvensjon sin tredje tilleggsprotokoll – klagemekanismen – vart stemt ned av Stortinget var veldig skuffande. At Noreg ikkje vil gje barn klagerett er ufatteleg for meg.

TØFL-konsert er Isaac Elstad Røssnes sitt favorittminne frå 2022. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år? 

– Heile årets Press-sommarleir er eit favorittminne, men konserten med TØFL var det aller beste.

– Kva er ditt største ønske for 2023? 

At alle barns rettar vert innfridde! (Eit litt hårete mål, men det er jo viktig å tenke stort.)


NSO-leiar Maika Marie Godal Dam

Maika Godal Dam er leiar i Norsk studentorganisasjon. Foto: Sjalg Bøhmer Vold/NSO

🏆 Årets helt: Lise Klaveness. Ho har vore ei inspirerande stemme i det offentlege ordskiftet det siste året, og løfta viktige debattar om menneskerettar og like mogelegheiter i sportsverda og samfunnet elles. Tøff dame!

📺 Serien eg koste meg mest med: Borgen. Har oppdaga denne danske skatten og kosar meg for augeblikket med starten av den nye sesongen, som kom i år!

📽 Årets beste film: Elvis frå Baz Luhrmann. Rein underhaldning, men med eit spennande historisk bakteppe.

📖 Beste boka eg las i år: Gul bok – og nei, ikkje statsbudsjettet, men den av Zeshan Shakar. Tankevekkande og kontrastfylt bok.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Ifølge Spotify er det Die together av Amanda Tafjord. Den gjekk rett heim hos meg etter årets Eurovision-finale.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Regjeringa avbles skulepengar for internasjonale studentar!»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– Eg vart veldig glad då studentane i haust fekk ny straumstøtte. Til saman vart det gjeve 210 millionar til studentane, noko som gjev 1500 kroner per student, og alt i form av stipend!

– Kva har skuffa deg mest?

– At regjeringa skrotar gratis utdanning, bidreg til å auke forskjellar, ser forbi vår solidaritet med andre, og kastar frå seg prinsippa dei sjølve har halde høgt fram til no. Det er mildt sagt skuffande.

Maika Marie Godal Dam (heilt til venstre) sitt favorittminne frå 2022 er frå då ho og kollegaane hennar i NSO vart valde i april. Foto: Herman Bjørnson Hagen

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– Mitt største ønske er sjølvsagt at alle studentar får innfridd kravet om 1.5 G utan at dette går på kostnad av medstudentane våre frå resten av verda.


Spire-leiar Elise Åsnes

Elise Åsnes er leiar i Spire. Foto: Presse/Spire

🏆 Årets helt: Alle som bidrog til å stoppe Wisting-feltet! 

📺Serien eg koste meg mest med: Eg har kost meg skikkeleg med 24-stjerners julekalender no i det siste. Kudos til NRK!

📽 Årets beste film: Lokallaget vårt i Ås lanserte ein knakande god kortdokumentar om foodsharing! Tilrår alle å sjå han og verte inspirerte til å setje i gang liknande alternativ der dei bur!

📖 Beste boka eg las i år: Kate Raworth sin Doughnut economics trumfar stadig høgt på topplista. Varmt tilrådd til alle som vil lære meir om systemkritikk, og om kvifor økonomifaget må inkludere fleire alternative økonomiske modellar.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Seier’n er vår.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Ein siger for småskala-landbruk: Verda har klart å utrydde svolt!»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– I tillegg til at Wisting vart stoppa og at regjeringa har lansert ein matstrategi, der matsikkerheit og matsuverenitet står sentralt, har det vore heilt fantastisk å ha massevis av aktivitetar og arrangement i Spire. Etter to år med pandemi og ulike grader av nedstenging, har det å endeleg kunne samlast igjen vore balsam for sjela.

– Kva har skuffa deg mest?

– At regjeringa nektar å innsjå at vi må avvikle og ikkje utvikle olja. Samstundes som det vert stadig klarare at verda ikkje klarar å nå 1,5-gradsmålet, satsar styrtrike Noreg på endå meir olje og gass? Galskap.

Elise Åsnes sitt beste minne frå 2022 er frå Spire sitt haustseminar. Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– Som alltid, ei berekraftig og rettferdig verd! Og mange nye medlemmar i Spire!


Ungdom mot EU-leiar Frankie Rød

Frankie Rød er leiar i Ungdom mot EU. Foto: UmEU

🏆 Årets helt: Sumaya Jirde Ali. Ho er heilt rå!

📺 Serien eg koste meg mest med: Our flag means death!

📽 Årets beste film: Disneyfilmen Encanto! (Han kom vel eigentleg ut i 2021, men han er så bra at den må verte nemnd likevel).

📖 Beste boka eg las i år: Budbringeren frå Helvete av Kristina Quantano.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Tja, då må det vel verte Rät av Penelope Scott, som er min mest spelte song.

📰 Draumeoverskrifta mi: «No går Norge ut av Schengen; vil vere eit føregangsland for flyktningar»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

Å sjå det skeive miljøet kome saman og støtte kvarandre etter London-åtaket.

– Kva har skuffa deg mest?

– Auka i straumrekningane til folk som ein konsekvens av ACER.

Frankie Rød sitt favorittminne frå 2022. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Då eg fekk gå med menneske frå heile verda i 1. mai-tog under World Social Forum i Mexico.

– Kva er ditt største ønske for 2023?

At Nei til EU vinn ACER-saka i Høgsterett.


Mental Helse Ungdom-leiar Martine Antonsen

Martine Antonsen er landsleiar i Mental Helse Ungdom. Foto: MHU

🏆 Årets helt: Lise Klaveness.

📺 Serien eg koste meg mest med: Kortbaneliv.

📽 Årets beste film: Fantastic Beasts: The Secrets of Dumbledore.

📖 Beste boka eg las i år: Blomsterdalen av Niviaq Korneliussen.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Ærmen i kærmen av Hagle

📰 Draumeoverskrifta mi: «Ingen døydde i sjølvmord i fjor».

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– At Mental Helse Ungdom har fått mogelegheita til å utvide opningstidene på chatten vår til fem dagar i veka. Kvar einaste vakt er det unge som skriv inn til oss med små og store problem. Og så er det dei som skriv til oss fordi dei ikkje orkar å leve lenger. Det skjer heile tida, så eg er letta over at vi kan svare fleire. Det stikker likevel litt at vi må logge av, men vi jobbar beinhardt for å få inn fleire gjevarar sånn at vi kan halde døgnope så fort som mogeleg.

– Kva har skuffa deg mest?

At regjeringa landa på å fjerne fritt behandlingsval. Dei har ingen truverdig plan for korleis dei skal klare å hjelpe alle som ikkje vil få eit tilbod, så eg er kjemperedd for at vi mister viktig variasjon i hjelpa ein kan få. Ingen er like, og det er ikkje alle som passar inn i malen som det offentlege helsevesenet har, og då er det viktig å ha mogelegheita for tilbod som er betre tilpassa den enkelte.

Martine Antonsen (til venstre) og Line Toft (til høgre). Foto: Susanne Adensfield

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Bilete er frå DriveOut for Mental Helse Ungdom med Valdres gatebil, det var ein fantastisk dag i sommar der eg brukte heile dagen på å køyre bil (som eg elskar), samstundes som vi kjempa for ei god sak.

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– At ingen skal ha det så vanskeleg at døden vert einaste utveg. Det er jo eit hårete mål, men eg kan ikkje godta at nokon har det så vanskeleg. Mange har ein million grunnar til kvifor dei ikkje orkar å leve lenger, men eg veit også at ein berre treng éin einaste grunn til å velje livet. Så då må vi gjere det. Gje unge ein grunn. Anten det er på ein treffstad, ein sommarleir, gjennom ein chat eller gjennom eit av dei mange fantastiske prosjekta vi har.


Norsk Målungdom-leiar Tobias Christensen Eikeland

Tobias Christensen Eikeland er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom

🏆 Årets helt: Karsten Warholm (vinnar av Dialektprisen 2022).

📺 Serien eg koste meg mest med: Julestorm.

📽 Årets beste film: Everything Everywhere All At Once.

📖 Beste boka eg las i år: Prosessen av Franz Kafka, omsett av Jon Fosse.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Omar Sheriff av Karpe.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Språkrådet kan no sanksjonere brot på språklova».

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– At studentar ved private utdanningsinstituskpnar no også har rett på eksamen på nynorsk!

– Kva har skuffa deg mest?

Eit statsbudsjett som ikkje har nokon nynorsktiltak.

Dette er Tobias Christensen Eikeland sitt favorittminne frå 2022. Frå aksjonen Slå eit slag for nynorsken, der dei knuste pc-ar i protest mot mangel på digitale læremiddel og programvare på nynorsk. Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2023?

At teknologigigantane tek språkleg ansvar, elles må staten bruke makta si for å få dei til å følgja lova.


Kvenungdommen-leiar Åsne Kummeneje Mellem

Åsne Kummeneje Mellem er leiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen. Foto: Privat

🏆 Årets helt: Styret i Kvenungdommen og ungdomsmedarbeidaren vår Kristine. Vi har vore vanvitig samkøyrde i år, og fått til mykje bra i ein hektisk kvardag. Det er lett å gjere mykje bra når ein menger seg med gode folk.

📺 Serien eg koste meg mest med: This is Us på Amazon Prime eller Disney+. Oppdaga denne herlegheita av ein dramaserie i år med alle seks sesongane liggjande klare. Tilrår han sterkt.

📽 Årets beste film: Kampen om Narvik, vi har venta lenge på den!

📖 Beste boka eg las i år: Her må eg reklamere for eiga utgjeving: Kvenungdommen si Fraasikirja – norsk-kvensk frasebok for ungdom. Vi har laga boka vi sjølv har ønska oss lenge!

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Spotify Wrapped var ganske tydeleg på at albumet Omar Sheriff av Karpe fekk køyrd seg i år. Vel akkompagnert med årets konsertoppleving i Oslo Spektrum.

📰 Draumeoverskrifta mi: «Kommentarfelt-troll les seg opp på nasjonale minoritetar, og les kva saka faktisk handlar om før dei svarar»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– Det har skjedd mykje flott i kvensk samanheng i år, og Kvenungdommen har endeleg fått gjennomført mange koronautsette arrangement. Vi har vore i Karelen, hatt arrangement på Nasjonalmuseet, snakka med politikarar og kongelege, og gjeve ut frasebok. Det har vore så flott!

– Kva har skuffa deg mest?

Kommentarfelta på Facebook. Fleire mediesaker med kvensk fokus har fått overveldande mange ubehagelege kommentarar i år.

Skjermdump frå Facebook-kommentarar hos Nordnorsk Debatt.

– Ein skal jo ikkje ta seg nær av slikt, men når ei nettsak der ein ung kven uttalar seg får over 700 stygge kommentarar vert ein frustrert. Som leiar av ein kvensk ungdomsorganisasjon vert ein rådvill, og vi har snakka med fleire unge kvenar som unngår offentleg debatt på grunn av dette.

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– Eg var for nervøs til å hugse sjølve bursdagen til Prinsesse Ingrid Alexandra, men favorittbilete frå i år er frå NRK: Ein kven som ser på ein Queen.

Dette er favorittbilete til Åsne Kummeneje Mellem frå 2022. Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– Vi har høge forventningar til sannings- og forsoningskommisjonens rapport som skal verte overlevert til Stortinget 1. juni. Denne kjem til å setje dagsorden for det kvenske, samiske og skogfinske i mange år framover. Det er lett å vere pessimist, men eg ønskjer så inderleg at han skal føre til gode ting på sikt.


Changemaker-leiar Naja Amanda Lynge Møretrø

 

Naja Amanda Lynge Møretrø er leiar i Changemaker. Foto: Changemaker

🏆 Årets helt: Farfar får vere årets helt for meg. Han tok kvelden i haust etter eit 91 år langt liv.

📺 Serien eg koste meg mest med: Pørni <3

📽 Årets beste film: –

📖 Beste boka eg las i år: Into the Wild av Jon Krakauer.

🎶 Lydsporet til mitt 2022: Don’t you (forget about me) – Simple Minds

📰 Draumeoverskrifta mi: «Fattigdom i Noreg og verda er utrydda!»

– Kva har gledd deg mest i året som gjekk?

– At det vart vedteke å styrke innsatsen på tap og skade på klimaforhandlingane i FN (COP27) ved å opprette eit eige tap og skade-fond.

– Kva har skuffa deg mest?

– At Noregs nest største våpenkunde er Qatar. Det er ikkje ein sånn type fredsnasjon eg vil at Noreg skal vere.

Naja Amanda Lynge Møretrø sitt favorittminne er frå då ho var i bursdagsfeiring på Slottet. Her med LNU-leiar Margrete Bjørge Katanasho. Foto: Privat

– Kva er ditt favorittminne (i bilete) frå i år?

– 2022 vart eit år med mange gode minner, men det mest spesielle må vere frå prinsessa sin 18-årsdag på Slottet.

– Kva er ditt største ønske for 2023?

– Fred i verda og fred i hjartet. Og endå meir tid med hundar og gode vennar.


Illustrasjon: Kate U/Canva. Kollasj: Framtida.no