Skogfinnane har fått sitt eige flagg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skogfinnane er ein av dei fem nasjonale minoritetane her i landet. No har dei offentleggjort sitt eige flagg, skriv Skogfinneforeningen i ei pressemelding.

Flagget er designa av ekteparet Bettina Gullhaugen og Frédéric M. Lindboe, og er valt ut av ein norsk-svensk jury blant over 100 forslag.

Halv million etterkommarar

Frå 1580 og fram til 1640 kom det fleire tusen finnar frå Davolaks og Tavastland til Bottenviken i Sverige og etter kvart store delar av Austlandet i Noreg.

Det var vanleg at desse dreiv med svidebruk, ein jordbruksteknikk i skoglandskap. I dag er det om lag ein halv million etterkommarar i folkegruppa skogfinnar.

Symboltungt flagg

Flagget skal symbolisere tilhøyrsle og felles opphav. Farge og form skal spegle dei skogfinske tradisjonane: grøn skildrar skogen si betyding for svidebrukkulturen til skogfinnane og gult står for sviderugen.

Raudt står for eld, og det heilage treet rogn, som saman med svart òg finst i flagga til Savolaks og Tavastland. Svart i flagget er for sot etter svidinga og dei sotete veggene i røykstovene. Forma på det svarte feltet er eit gammalt symbol på fruktbarheit.


– Vi vert ikkje prioriterte i skulen, og den kunnskapen som finst er ofte liten eller negativ. Det er ein direkte konsekvens av fornorskingspolitikken, seier Åsne Kummeneje Mellem, leiar i Kvenungdomen. Foto: Kvenungdommen.